Dagens stjerne er ei snøstjerne, eller som namnet på denne løparen: Snowflake tablerunner!
Litt annleis fargetone enn det vi er vane med som julefargar, men likevel frisk og fin med desse fargane.
Du finn gratis mønster på sida til Amerooni Designs.
Dagens stjerne er ei snøstjerne, eller som namnet på denne løparen: Snowflake tablerunner!
Litt annleis fargetone enn det vi er vane med som julefargar, men likevel frisk og fin med desse fargane.
Du finn gratis mønster på sida til Amerooni Designs.
Luciadagen i dag! Har du baka lussekattar eller anna godt bakverk? Tenk om du hadde eit bakehandkle med dette enkle stitcheryet til å legge over?
Ei stjerne i brettekteknikk er dagens tips! Denne stjerna kan du enten bruke som pynt i juletreet, i eit oppheng eller til glasbrikke!
I dag er her forslag om ei stjerne som du kan bruke i ei lita brikke.
Slike små brikker er kjekke gåver å gje bort, og går bra fort å sy. Dømet under her er frå ein løpar som det er kjøpemønster til, men viser den fordi den er så klar og fin i fargane.
Det er gratis mønster til denne stjerneblokka, Crossing Ohio, og er nesten lik den på løparen og blokka. Storleiken på kvadratet er 12 inch. Om mønsteret er vanskelig å lese, så trykker du på bildet og "bles"det opp!
Dagens stjerne er eit mønster til ein stjerneløper. Stjerna heiter offisielt Sawtooth star, Sagtannstjerne!
Framgangsmåte finn du på sida til Melanie Ham.
Varier med fargane eller mix i sjølve stjerna!
Peparkakebaking står kanskje på lista di no, Kanskje får du inspirasjon til dekoren frå desse fine stjernene?
Desse stjernene er laga av filt, enkle å brodere på med ein kontrastfarge. Fyll med vatt og sy sammen med knappholsting!
Dagens stjerne er plassert på puter. Her kan du bruke den stjerneblokka du har og lage di spesielle julepute.
Bilde frå PinterestPå Pinterest fløymer det over av gode idear, så her er eit utval av Stjerneputer!