lørdag 26. januar 2008

Fredriksons fabrikk!!

I dag har klubben hatt første dugnadsdag på Dear Jane teppet. Vi har no fått inn nesten alle 130 lappane!!! Nok til at vi kunne begynne på å setje saman delane. Vi diskuterte litt undervegs kor mange tepper dette skulle bli, vi var i starten sikre på at det iallefall skulle bli eitt stort teppe og nokre små. Ettersom dagen gjekk, såg vi etterkvart kva vi hadde lappar til, så no kjem vi til å lage 2 store tepper og 2 eller 3 små til oppheng!! Tenk så mykje flott vi vil få ut av desse lappane!!

Vi har to blåfargar til mellomverk, og kjem til å ha ein lys beige og ein mørk blå til kant rundt.

I dag har vi vore ca 10 på dugnaden, vi blir om lag like mange i morgon også. Vi er komne godt i gang med arbeidet, og fekk etter kvart gode rutiner. Så gode rutiner at vi begynte å føle oss som damene på Fredrikssons fabrikk! Og det mangla ikkje menn heller, 2 stk. var innom oss så snarast!!(hemmelig resten). Og 2 tillitsvalde hadde vi til stades også, så det vart ordna med matpause og gode arbeidstilhøve!! Denne dugnaden er berre å anbefale, håper at det vert mange som deltek på siste dugnadshelga vår 9. og 10. febr! (Endeleg påmelding på medl.møtet i februar)

Her er delar av lappane lagt ut for å få oversikten!

1. skjærestasjon! 6,5 inch i kvadrat takk!

All the leftovers....


Mellomverk blir sydd i 2 fargar



Reinskjering av mellomverket

Strykestasjon

Her går det unna med dei lange saumane!


Slik blir det ferdige teppet.

2 kommentarer:

Elin sa...

Dette blir bærre lækkert! Håpar de ikkje kasta "leftoverane", dei er fine i scrap! Eg tek dei gjerne...Eg er sett opp til sying laurdag 9. febr.

Husflidstausa sa...

Jammen har dokke vore flinke. Det blir kjempelekkert. Eg er for tida i Sandefjord på jobbkurs, kanskje eg får anledning til å delta neste gong.