søndag 20. september 2009

Brummunddal,...har du vore der???


Endå eit reisebrev frå Mariann, frå aust denne gongen også!

Ein spontantur med trailer i lag med min mann førte meg til Brummunddal no laurdag. Og klart eg ville ha eit lite stopp der, for der er det ein quiltebutikk som eg ikkje har fått besøkt før.

Fabrikkutsalget ligg midt i sentrum, og er ein kombibutikk med gåver og interiør, trå og stoff. Eg hadde ikkje forventa å finne mykje modellar der, men der tok eg feil. Mange fargeglade løparar og tepper hang i lokalet, og med artige teknikkar. Ein lokal quiltar hadde laga mange av arbeida, ho held også kurs i området der.
I 2007 hadde dei ein veskekonkurranse, her er link til eit slide-show av dei.
Eg tok nokre bilder i butikken med mobilen min, så når eg får lagt dei på pcen min og dei ser ok ut, skal eg legge dei ut her.
Litt stoffkjøp vart det på meg her, for her var nye og fargeglade mønster og fargar, i store mengder, så det var vanskelig å begrense seg. Seinare i haust startar dei med nettbutikk, så den som er interessert i det, må følge med på sida deira.

Helsing Mariann

Ingen kommentarer: