tirsdag 29. september 2009

Oktobermøte

Minner om at det nærmar seg klubbmøte igjen, tysdag 6. okt håper vi på å møtast mange på Klubbhuset.

Elin Grinde viser oss korleis vi kan lage ein klemmepung, så ta med symaskin dei som vil prøve dette. Ein kan også lage brillehus av same type klemmer. Elin kjem nok med nokre modellar som vil kan studere, så no håpar vi at mange vil være aktive denne kvelden og sy. (OPPFORDRING!!)
Ta med stoff om du har noko du vil bruke, men våre trufaste butikkar dukkar nok opp også denne gongen med fristande varer!
Under her har eg limt inn nokre bilder frå Internett.
Dei 2 øverste bilda er mønsteret frå Bente MalmDesse er henta fra denne bloggen
Ein annan variant er henta her.
Mønsteret til desse 2 siste bilda stod også i Quiltemagasinet 5/2007.
Slik ser klemmene ut før dei blir monterte i "syarbeidet".

Dei som har prøvd dette før må gjerne ta med seg sine modellar og vise fram!!

Ingen kommentarer: