onsdag 28. september 2011

Klubbmøte med ny blomst!

Det er no berre få dagar att til neste klubbmøte, 4. oktober, og då er det på tide med viktig info til medlemmane.
Bildet over viser det som er temaet for neste møte. Som vi har sagt på forige møte, så er årets hovedtema ulike måtar å sy blomster på.

Etter ynskje frå mange av medlemmane, så prøvar vi oss no med eit godt gammaldags møte der vi syr på maskin!! Vi brukar å vere mange på møta, og det er trangt om plassen, så vi må rekne med å ha det trangt men desto meir kjekt??? Vi tenkjer oss at vi lagar til ei symaskinavdeling og plasserer oss slik at dei som ikkje skal bruke symaskin, vert sitjande i lag ein annan stad.
På komande møte har vi også jul i tankane, så difor har vi valt å ta føre oss blomsten i denne løparen. Her er litt fakta:
  • Mønsteret er henta frå boka "Lappesprell" av Hanne Asplin Firman. Det heiter "Hvite julestjerner" og står på s. 51.
  • Teknikken er ein Crazy-logcabinliknande teknikk!
  • Du startar med ein skeiv likesida trekant og syr rundt og rundt, og til slutt vert dette basis for 3 stk kvadrat som du skal skjære ut.
  • Anne Marie har prøvd ut teknikken og vil vere rettleiar.
  • På bildet ser de at blomsten er i kvitt og med grøn bakgrunn. Her kan du variere bakgrunnsfargen etter eige ynskje, for den kvite blomsten passar til alt!
  • Ta med deg: symaskin, skøyteledning, passande stoff (stoffrestar går fint å bruke her, men har du ikkje så kjem Primula Design med butikken), skjæreutstyr, ein kvadratlinjal på td. 8" eller ca 20 cm, om du vil kan du ta med tynn vliselin til å sy på for å stabilisere arbeidet.
  • .....og husk quiltekoppen din!

Ingen kommentarer: