søndag 2. oktober 2011

Andrè Wallenborg var her!!!

Denne helga som no er omme, må berre kallast super!!


Supert ver med sol og sommartemperatur, supert kurs med ein ekte veskedesigner som læremeister. Her fekk vi virkeleg lære teknikk og finesser! Og vi fekk lære at her gjaldt ikkje inch-mål eller berre centimeter, her var det snakk om centimeter med desimal bak!
Døme: Kutt delen 25,2 cm,.....eller slik: sy ca 1 millimeter inn frå kanten!!

Dette var eit behagelig kurs, veldig strukturert slik at alle klarte å henge med og fekk med seg forklaring og vising av teknikk. Og vi fekk skryt tilbake, for vi var ein "jamn" gjeng, syinga gjekk som ein leik.



Andrè tok seg god tid til å vise oss mange lure knep for å få arbeidet fint. Millimeterane var viktige, men også kvar vatten skulle "stoppe" for at vi ikkje skulle få tjukke saumar.
Dei ferdige produkta, her manglar ei veske på bildet, men den var i bruk på sitt første gallaoppdrag,....... den var i bruk på Opera Nordfjords matinè av "Tryllefløyten"!!
Ein fornøgd kursholdar som vi gjerne vil ha tilbake til nye kurs.


1 kommentar:

siv sa...

...og han syns at de var " en fantastisk gjeng damer"...så han kjem nok igjen.

Siv Smørdal, kursansvarlig