mandag 17. oktober 2011

Sun Bonnet Sue kurs! Del 2

Så er kurset Sun Bonnet Sue med Bente Tufte over. Og som bilda viser, så har damene jobba flittig ved borda sine heile helga.

Om de kikar på forige innlegg, så ser de bilde av kursmodellen der. Sjølv om det har vore jobba flittig, så har dei nok mykje arbeid att her, både applikering, stitchery og handquilting står for tur.
Men vi gler oss til å sjå arbeida deira no framover, så vi håpar at dei tek med seg quilten på klubbmøta så vi får sjå korleis dei jobbar. Det vert iallefall mykje nydelege tepper i vakre fargar her, så vi gler oss til å få sjå meir!
Alle bilda i dette innlegget er teke av Laila U. Piel som gjekk på kurset.

Ingen kommentarer: