søndag 16. oktober 2011

Kurset er i gang!

Dette er Bente Tuftes kursmodell

Bloggred. var innom kurset Sun Bonnet Sue med Bente Tufte midt på laurdagen. Og der var kurset i full sving. Mykje aktivitet og stoff over alt, men merkelig stille. Kvifor??? Jau, damene jobba intenst med store mengder med små lappar som skulle setjast saman.

Her var det ikkje berre å sy i veg i full fart. Fargane på lappane var nøye planlagt, kutta opp og sortert i store lad. Her måtte ingen vind komme og lage uorden!!
Dei heldt på med å montere den første ruta, og pinlig nøyaktighet gav resultat. Og med den fantastisk flotte kursmodellen å sjå etter, så er nok dette motivasjon til å vere nøyaktig og tålmodig. Basisen er eit ukjent antal små lappar, i opne felt er det applikert nydelige motiv for hand og rundt kantane er det mange små stitchery. Det heile er så quilta for hand, eit nydelig handverk!! Så her kan damene på kurset sjå fram til mykje kos med handarbeid i mørke vinterkveldar.
Fleire bilder kjem om det dukkar opp bilder til red. på epost frå kursdeltakarar!

Ingen kommentarer: