lørdag 29. oktober 2011

Tid for å møtast igjen!!

Om få dagar er det november!!! Og klubbmøte 1.11! Tida går fort, men det er bra nokre har fått jobba litt med julesying. På forige møte starta vi med å sy Julestjerne i crazy quilt, dette kjem vi til å ha som tema på novembermøtet òg. Dette er etter ynskje frå medlemmane om å ha same tema over 2 møter.
Og denne gongen passar nok dette veldig bra, for vi hadde litt problem med å få til ei passeleg stor blokk til å gå ut ifrå. Så no oppfordrar vi alle som har prøvd seg og held på med dette, om å ta med seg arbeidet og dele erfaringar med oss og å få hjelp av andre.
Det er òg høve til å bruke symaskin på dette møtet.

Elles tykkjer vi at det er kjekt å sjå at de har med dykk småarbeid på klubbmøta, stitchery, hexagon mm, dette inspirerer oss andre!! For ikkje alle vil ta del i det som er hovudtemaet på møta, det er heilt ok, og då er det fint med slike småarbeid.

Bilda som er lagt inn her, er innsende av Torunn, ho kjem til å ta med seg sine lappar og forklare kva ho har gjort.
Dei fleste veit vel no at vi skal ha julesalgsutstilling på kafe Didriks, sjå tidlegare innlegg.
VIKTIG MELDING!
Dei som har ting dei skal stille ut, må ta dei med på novembermøtet!!! Og dei skal ha "doble" merkelappar slik som vi hadde på Låvemessa!

Ingen kommentarer: