mandag 3. september 2012

Då startar vi opp sysesongen!

Etter ei flott helg med Låvemesse så er det berre ein dag med kvile før neste post! Tysdag 4.september startar vi rett på med klubbmøte igjen!
Og denne gongen går vi rett på sak med temaet vi skal ha gjennom heile året: Baltimore-applikasjon.

For mange år sidan, då klubben var nystarta, hadde vi kurs i denne teknikken. Såleis er det ein del av medlemmane som har ein del kunnskap om teknikken, og har også ferdige arbeid.

Elna har sydd logoteppet vårt i denne teknikken.

Planen er at vi vil lage til 9 ulike mønster som vi deler ut på kvart klubbmøte. Dette kan då bli til eit flott 3x3 veggteppe om ein vil lage alle blokkene.

På møtet no i september vil vi vise korleis vi har lært denne teknikken. Alt er laga med applikasjon og handsaum, så det passar godt til aktivitet på møta våre og vi håper at mange vil ta del i dette. 


Dei fleste arbeida vi har sett er med lys botnfarge og raude/grøne/gule applikasjonar, nokre med blåfargar. Men det er sjølvsagt opp til kvar enkelt kva fargar ein vil bruke.


Motiva er enkle og symmetriske og har som oftast blomstermotiv.

Det kan også gjerast veldig avansert..........

Denne boka har underteikna bestilt i dag, så i tillegg til dei mønstera vi har frå før, så vil vi nok finne mange fine i denne boka. Og som reklamen seier, "Det enkle er det beste", det gjeld nok innan Baltimore-teknikken også.

Du må ta med dette:
Lys lerret til botn, ca 50 x 50 cm
Stoff: 2 eller fleire fargar til motiva.
Synål og sytråd som passar til stoffargen.
Knappenåler.
Blyant og kulepenn.
Stoffsaks og papirsaks.
Frysepapir, her er det heilt supert å bruke omslagspapiret til kopipapiret, det har lim på innsida!
Limpenn om du har.

Elles så vil Primula Design ta med stoff mm. til dette dersom du ikkje har.

Vi håpar at dei som har sydd Baltimore før, vil ta med seg dette på møtet. 
Då ynskjer vi alle velkomne til møtet, info om ansvarlege for mat og rydding finn de i sommarbrevet som vart sendt ut no i august.

(alle bilda er frå ulike heimesider på internett)

1 kommentar:

evaj sa...

oj,,oj vilka arbeten ni skall göra under eran höstträff!!!!

Här i Varberg har vi träffats tre ggr redan och syr så det ryker.Just nu håller vi på med en väska.Hörde av de mina och ser även på bilderna att du besökte våran utställning i sommras!!jätte trevligt!!ha det så gott och nu är vi många här som följer din och era arbeten framöver!!Kramar fr. Evaj