Då er vi komne til første dag i første sommarmånaden, og.............DET REGNAR! Hos bloggred trommar det på taket og alle himlens skyer er komne heilt ned til havnivå! Men kva gjer vel det om ein er i nærleiken av litt stoff og ein ide dukkar opp?
Her kjem morgonens inspirasjon,
Cross quilt! Eit enkelt design som ein ikkje treng mønster til, men mange fargar som du likar!
Dette fargeglade teppet ligg ute på bloggen til
Film in the fridge.
Om du vil ha eit meir maritimt preg på blokkene, kan du bruke raude, blå og kvite stoff.
Her ser det ut som ei samling av nordiske flagg, bilda her er frå eit innlegg hos
Aquilt is nice.
Om du treng oppskrift på denne blokka, så finn du ei hos
Mrs. Schenkman Quilts! God sommarsying!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar