fredag 7. juni 2013

Kortkurs!

Klubben arrangerer no ein serie med kortkurs på kveldstid.
Tysdag 11. juni og måndag 17. juni vert dei første kursa,
TEMA: Frihandsquilting og deretter Log cabin for nybegynnarar.


Log cabin-blokk

Her er den same blokka sett saman på ulike måtar. 
Mange muligheter med denne enkle blokka!


Kursa vert på Stårheim skule kl. 18.30- 21.30 og er ope for både medlemmer og også for dei som ikkje er det!
Kursavgifta er på berre 100 kr pr kveld pluss materialpakke til kr 50.
Kursavgifta betaler du inn på kontonr 3790.13.16660.


Kursleder er  Ingun Vaksdal, ho skriv:
Ta med beige sytråd, stoppefot, nåler, saks, linjal, skjærematte og kniv, symaskin.
Det vert desse to kveldane no og 2 kveldar til hausten. 

Ingun fortel at først så får du lære teknikkar i frihandsquilting, deretter vert denne "prøvelappen" brukt vidare i Log Cabin-teknikken. 
Kurskveldane no i juni er ikkje avhengige av kvarandre, så om du har høve til berre ein av kveldane, så går det også bra!

Du melder deg på til kursleiar Ingun Vaksdal ved å henvende deg i butikken Primula Design eller på mobilnr. 99482474.



Log cabin blokka er ei av dei mest anvendelege blokkene. Den er enkel i konstruksjonen, men fargevalet og samansetjinga er det avgjerande!!





Her er ein lys og sommarleg quilt! HER er link til mønster på denne quilten.

Bilda i innlegget er henta frå bildesøk på Google.


Ingen kommentarer: