onsdag 14. oktober 2015

Avisomtale


Innlegget under her er henta frå sida til Fjordabladet på Nordfjordeid 13.10.15.
Heim   >   Kultur   >   Dei er klare for tre dagar lappelykke
Vestlandstreff-lappe-quilte-1
EI HELG MED SAUM OG INSPIRASJON: F.v. Laila Strand Brekke, Anne Marie Holsvik, Haldis Lindset Nesbakk og Elna Aaning Olsen frå Nordfjord Lappe- og Quilteklubb ønskjer klubbmedlemmer og andre velkommen til Nordfjordeid og Vestlandstreff 2015, ein quiltefestival for heile Vestlandet. (Foto: Maria Hjelle)

Dei er klare for tre dagar lappelykke

Komande helg er det Vestlandstreff for quilte­interesserte på Nordfjordeid. Festivalen samlar folk frå heile Sør-Norge til tre dagar saum, saum, saum!

Er du sauminteressert, bør du kjenne di vitjingstid – komande fredag til søndag, når Nordfjord Lappe- og Quilteklubb arrangerer Vestlandstreff 2015.
– Dette er kjempestort. 150 kursdeltakarar er påmelde. I tillegg ventar vi kring 200 som kjem innom. Det kjem folk frå Molde i nord til Stavanger i sør, og vi har derfor valt å gi arrangementet undertittelen «Quiltefestivalen på Vestlandet». Det kjem også kurshaldarar og deltakarar frå Austlandet, Sverige og Danmark. Vi har jobba fram mot komande helg i to år, fortel leiar Anne Marie Holsvik i arrangørklubben, som er vertskap for Vestlandstreff for tredje gong. Sist var i 2006, før det i 2000.

– Utviklande
Saman med Laila Strand Brekke, Haldis Lindset Nesbakk og Elna Aaning Olsen ser Holsvik fram til å sy i lag med likesinna i tre dagar til ende. Alle fire er mangeårige medlemmer i klubben og har site i styret på eit eller anna tidspunkt. Spør ein desse damene, er beskjeden klar: Quilting er ikkje noko ein blir lei av om ein først er bitt av basillen.
– Det er alltid noko nytt ein kan lære, noko nytt ein kan lage. I klubben møtest vi ein gong i veka og diskuterer idear og fortel om prosjekta våre – på den måten gir vi kvarandre inspirasjon. På ein stor treff som dette får vi høve til å utveksle erfaringar med nye folk, lære noko nytt, og ikkje minst hente nye impulsar og idear. På Vestlandstreff er det gode sjansar for å vidareutvikle seg, lovar dei.

Å vise fram eigne arbeid og sjå andre sine er ei viktig kjelde til inspirasjon for quiltarane, og mange brukar mobil og sosiale medium aktivt til å dele bilete. No gler deg seg veldig til ei helg fylt med nye impulsar. (Foto: Maria Hjelle)
Å vise fram eigne arbeid og sjå andre sine er ei viktig kjelde til inspirasjon for quiltarane, og mange brukar mobil og sosiale medium aktivt til å dele bilete. No gler deg seg veldig til ei helg fylt med nye impulsar. (Foto: Maria Hjelle)

Ope for alle
På programmet står 17 kurs med 11 ulike kurshaldarar. Somme går over to dagar, andre går over ein dag og kan kombinerast med andre som gjer det same, og det er også korte kurs på nokre timar for dei som vil innom så mange tema som mogleg. Fleire kurs er på drop-in-basis, slik at ein ikkje treng vere påmeld på førehand.
– Det er ikkje nødvendig å vere medlem i ein klubb for å kome på Vestlandstreff. Alle med ei interesse for å sy er velkomne og vil ha utbyte av å ta turen innom. Om ein ikkje vil gå på kurs, kan ein få med seg utstillinga i fellesareala. Det vert òg sal av kaker og kaffi, og lotteri med flotte premiar som teppe, stoff og symaskiner, lokkar Holsvik.

Fem lappebutikkar
Størstedelen av arrangementet går føre seg på Eid Ungdomsskule, men det blir også utstilling på Nordfjord Hotell, der opningsforedraget til Wenche Wolff Hatling på fredag og festmiddagen for deltakarane på laurdag finn stad.
Wolff Hatling er stoffdesignar og innehavar av Northern Quilts på Steinkjer, ein av fem lappebutikkar som held ope under Vestlandstreff. Dei andre er Trapp ned frå Førde, Sølvi Quiltestudio frå Herøy, og heimlege Lappestua-Eid og Primula Design i Eidsgata.
Dermed skulle det vere unødvendig å uroe seg for å gå tom for tråd.

FAKTA
Vestlandstreff 2015
• 16.-18. okt på Nordfjordeid
• Nordfjord Lappe- og Quilte­klubb er arrangør for tredje gong
• Tre dagar med utstilling, foredrag og kurs for quilte­entusiastar frå Molde i nord til Stavanger i sør
• 17 kurs for 150 påmelde, i tillegg mange drop-in-kurs som er opne for alle
Kurshaldarane:
• Anne Pia Godske ­Rasmussen
• Frøydis Myhre
• Ingeborg Strupstad
• Kari Renolen
• Liv Ingunn Holvik
• Mona Rosvold Bauge
• Patricia Iden
• Randi Røys
• Sylvi Ruud
• Tamara Schultz
• Vigdis Hovden Månsson

Ingen kommentarer: