Stokkenes Gjestegard er vår faste møteplass mellom kl 18.30-21.30. Nye medlemmer er velkomne til å bli med oss, eller kanskje nokon berre vil innom for å sjå om dette kan vere noko for dei? Dørene er opne, og vi er om lag 30 medlemmer som kjem på møta kvar gong. Våre to butikkar som held til på Nordfjordeid; Primula Design og Lappestua-Eid, er som oftast tilstades på møta våre med fristande varer!
Duk sydd av Siv.
Tema på møtet:
Siv på Lappestua-Eid vil vise korleis ein syr på Rasterquick. Det finst to typar; med kvadrat og triangel. Ho tek med rullen med Rasterquick ( butikken har den med triangel, har ikkje spurt om ho ha den med kvadrat...).
Stjerneduken øverst er sydd på triangelpapiret.
Den som ynskjer å prøve dette, kan ta med seg symaskin.
På YouTube (HER og HER) er det fleire videoar som syner døme på bruken av Rasterquick. Ein kan lage både små og store ting med Rasterquick, fordelen er at når du brukar dette, vert arbeidet veldig nøyaktig når du syr på strekane!
Det er mange måtar å bruke Rasterquick på, og ved søk på internett, er dette eitt av bilda som dukka opp. Det er fargane som gjer at her blir det 3D-effekt!!
Liste over matvertar finn du på høgrefeltet på bloggen under Haust 2015.
Velkommen til eit triveleg quiltetreff!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar