onsdag 8. april 2020

Bilder frå vårt "avstands-klubbmøte"!!

Hallo alle quiltevenner!
Vi klarte det i går!

Vi klarte å få til felles engasjement på den nye medlemssida vår på Facebook! Kjempebra og kjempekjekt for dei som tok seg tid til å følge med på fellestida som vi annonserte!

"Sendinga" gjekk ikkje som video, men som vanlege innlegg på sida vår der den som ville, la ut bilder, kommenterte, likte, ja det kjendest virkelig ut som vi var i lag og hadde noko felles! Så takk til alle som bidrog til at dette vart velukka!

Med mange bilder frå kvelden i går og frå medlemssida siste vekene, så vil vi i styret ynskje alle medlemmane våre ei
GOD PÅSKE 
med koselig syaktivitet.


Alle medlemmer fekk eit vårleg stitcherymønster, så då kan vi tenkje på kvarandre når vi jobbar med det. Og når det er ferdig, så ser vi det kanskje som eit innlegg på medlemssida vår!













 Side Kick-linjal!


 X-block-linjal!


























Lappeteknikktrening..... puslespel er eit alternativ!!









 Eit prosjekt under arbeid!






 Tepper frå kurs med Helle, Drunkards Path.






 Frå siste Quiltemagasin!

 Mønster av Libs Elliot.






 Mange blokker skal bli eit slikt teppe!


Nyt gode påskedager med ein kjekk hobby!



1 kommentar:

Unknown sa...

Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

Hương Lâm chuyên cung cấp máy photocopy, chúng tôi cung cấp máy photocopy ricoh, toshiba, canon, sharp, đặc biệt chúng tôi có cung cấp máy photocopy màu uy tín, giá rẻ nhất.