søndag 3. mai 2020

Maimøtet!

Hallo igjen!
Det er mai og vi skulle gjerne hatt maimøtet vårt som vanleg. Men vi gir ikkje opp så då tek vi det nest beste som no har vist seg å være samlande for nesten alle medlemmane våre; medlemssida vår på Facebook!

Tysdag 5.5 oppfordrar vi medlemmane våre til å setje av litt av kvelden til å gå inn på denne sida. Ca kl 18.30 vil Synnøve legge ut mønster og framgangsmåte til denne vimpelrekkja, og frå kl 20 har vi "Vis og fortel".



Vi oppfordrar at alle som kan, legg ut bilder på medlemssida .Desse blir så plukka over på bloggen her slik at ein finn att bilda i etterkant under "Bilder frå maimøtet".

Og til slutt,…..husk du er din eigen matvert, så ta fram te/kaffikoppen med noko attåt og så kosar vi oss i lag på nettet denne maikvelden!




Ingen kommentarer: