For ei flott kurshelg vi har hatt her på Nordfjordeid! Daisy leverte og vi har storkosa oss i to dagar, eit kurs som virkelig kan anbefalast!
"Giant nested curves" var veldig kjekt å sy! Her kunne vi komponere våre eigne stoff frå gamle "leftovers", rester frå korgene våre, lukkekanter supplert med både nye og gamle stoff frå stofflageret.
Det tok litt tid å lage til "platene" vi skulle skjære av, dei var ca 13 x13 inch. Men så gjekk det unna! Dei store malane var enkle å bruke og dei bua stoffa sydde vi lett i hop og vi fekk flotte resultat.
Daisy påpeika at det var viktig å skjære vinkelrett heile tida, følge sømmen og bruke rutene på skjærematta til hjelp. Alltid reinskjære 90 gr der senter av sirkelen skal være og som utgangspunkt før ein starter å kutte.
Med god planlegging av plassering av linjalane, vert det ikkje mykje svinn!
1 kommentar:
Kjempekoselig kurs men rullekniven min vart ikkje med meg heim.Nokon som var der som såg om det var hittegods..?
Legg inn en kommentar