lørdag 31. januar 2009

Nye bøker!

Desse bøkene er kjøpt inn til klubben no i januar. Nokre vart utlånt på årets første møte, men minner samtidig om at når vi har nye og populære bøker, så bør ein huske at lånetida er 1 mnd.
Dvs. at du bør komme med den på neste møte! Du kan sjølvsagt låne den lenger dersom ingen andre vil låne den!

Og dersom det er ei bok du gjerne vil låne, men som er utlånt, så sei ifrå. Då kontaktar Mariann lånaren omgåande (!!) så du får den så fort som mogleg.

Det er også lurt å kikke i bokhylla di om der ligg ei bok som du har gløymt å levere inn.

Siste nytt om bøkene våre: Vi skal ha boksleppmaimøtet!!! Kva det betyr.....?? Då må du møte opp og få med deg hendelsen! Seier ikkje meir......




onsdag 14. januar 2009

Julemøte 2.12.08

God Jul-kake til alle frammøtte, det har etter kvart blitt tradisjon å ha ei slik sulig marsipankake på julemøtet. I tillegg har vi gode smørbrød,..... ja det er nesten som eit "klubb-julebord"!!

Eit fristande matbord!



Det brukar å vere stort frammøte på siste møtet før jul, og vi kosar oss med god mat, god prat , godt loddsal og kjekt "julepusleri". Denne gongen var det Siv som hadde ordna med ministichery som låg i små julepakkar til alle.








































onsdag 31. desember 2008

Godt nytt SY-ÅR!!

Ei nyttårshelsing til alle lesarar av bloggen og medlemmene i quilteklubben vår! Håpar de har fått sydd litt i desember også så de har mykje å vise fram på møtet 6. januar!


Og så eit lite tips:
For dei som er skikkelig trengde for eit kurs snarast,....... viss de er raske så er det ledige plassar på veskekurs med AnnaKa!! Kurset er i regi av Quiltekroken i Bergen, og då eg snakka med Mona på butikken der i går, så hadde ho 10 ledige plassar! Men som ho sa, no er folk begynt å vakne opp att etter julestria, og har lyst til å sy igjen!

Er du interessert i dette eller andre kurs som er helga rundt 20. feb, på Frekhaug litt nord for Bergen, så klikkar du her