Ta i så fall kontakt med Siv.
onsdag 14. september 2011
Kursvert!
Vi treng ein kursvert til begge kursa i haust! Er det nokon av medlemmane som ikkje skal gå på kurs, som kan tenkje seg å hjelpe til nokre timar ein av dagane?
tirsdag 13. september 2011
Kurs med Wallenborg!

Kurstider:
Fredag 18-22
Laurdag 10-18
Søndag 10-14
OBS, OBS! Det viser seg at vi no har nokre ledige plassar på kurset!! ER det nokon av medlemmane som no vil delta, ta snarast kontakt med Siv! Frist er sett til innan laurdag 17.9. For dette kurset vert også ope for andre, invitasjon er ma. sendt til naboklubben Gloppen lappe- og quilteklubb. Etter 17.9 veit vi kor mange ledige plassar vi har for eksterne.
Er det andre som les dette og vil vere med, ta kontakt på epost til Siv:

Det står også i beskrivelsen at mønsteret enkelt kan forstørrast til td. PC-mappe og anna ein kan trenge i større format.
s-eng-s@online.no eller mob. 91531479
Vi skal sy Lommebok/lita veske, og dette blir nok eit spennande og kompakt prosjekt. Første inntrykket var at dette var noko veldig lite, men når ein ser på bruksområdet, så vil ein nok bruke denne vesle veska/lommeboka meir enn andre ein har sydd i si karriere!! For om du tek deg ein tur i veskebutikkar, så ser du at den nye trenden er litt store lommebøker med plass til det meste i, og dei har akkurat denne storleiken!!

søndag 11. september 2011
tirsdag 6. september 2011
Hexagon på maskin

Desse bilda er lånt frå bloggen til Abyquilt.

Har du heller lyst til å sy hexagonlapper på maskin?
På eit klubbmøte i vår viste ma. Ingebjørg korleis ho har sydd store hexagonlappar der ho skar malar etter ein trekant-linjal (60 graderslinjal). Den same framgangsmåten finn du på den flotte bloggen til Abyquilt der ho viser dette steg for steg. Takk til henne for denne flotte presentasjonen.
Klikk HER for å komme til dette innlegget.
mandag 5. september 2011
Oppstart på haustens klubbmøter!!
- Alle er vel spente på å oppsummere Låvemessa, det vert nok det store temaet i morgon!!
- I tillegg legg vi opp til ein aktivitet som vanleg. Les meir under bildet.

Dette bildet er lånt frå "All momas quilt",
Maria i Århus i Danmark driv denne bloggen.
Bildet over indikerer aktiviteten i morgon. Dei som var på junimøtet, fekk ei innføring i måtar å sy sekskantar saman på. Treng du ein liten repetisjon, sjå på bloggen til Maria. Linken går rett til eit innlegg med steg for steg korleis ho syr sine sekskantar.
Styret har ein liten baktanke med å lære dykk dette :)!! For om du lagar deg til ein pose med lappar og maler, så har du alltid eit lite handarbeid å ta til i veska. Enten du er på tur eller på klubbmøte, ta med deg desse små bitane og sy på dei om du ikkje vil ta del i opplegg på klubbmøta. Husk at alt det du gjer, det kan inspirere nokon andre nær deg!!
Vi har valt å prøve oss på eit gjennomgåande tema denne hausten: Blomster!
Og vi har planlagt at vi skal prøve oss med ulike former og teknikkar å sy blomster på. Handsaum og på maskin!
På klubbmøtet no i september startar vi difor der vi slapp sist: Sekskantblomster!
Om du vil prøve deg på kveldens opplegg, ta med deg:
- Stoffbitar til 2 blomster, du treng to fargar til 2 lag kronblad og noko som skal vere midten. (ferdig blomst er ca 10 cm)
- Tynn papp til maler
- Kraftig strykevliselin om du har det.
- Litt fyllvatt
- Papirsaks, blyant, nål og tråd som passar til stoffet ditt.
Då ynskjer vi alle velkomne til ein pratsom kveld på Stokkenes!
Ei fantastisk låvemesse!

D-kor
Det er mandag i dag, og slett ingen blåmandag når vi ser tilbake på arrangementet vårt. Verre er det vel med oss arrangørar som stod på begge dagane, slitsomt men kjekt, ja så kjekt at dette gjer vi gjerne ein gong til!!
Ein kjempesuksess i eit bygdemiljø med fjøslukt og våte vegar og marker. Men folk kom i lange baner og hadde fokus på alt det vi serverte av quilta godbitar, heimelaga mat i kafeen og mange kjekke medutstillarar som vi hadde fått påmeldt eller invitert.

Stårheim songlag
Glimt frå langveggen inne i låven.
Mange flotte gevinstar frå medlemmene gjorde at det gjekk godt unna med loddsalet. Trekning vert 12. september.
Eit lite kunstutsal like ved kafeen vår.
Og inne i kafeen var det trengsel og god omsetnad på all den gode maten begge dagane.Det kjem meir bilder frå messa seinare.
onsdag 17. august 2011
Snart Låvemesse!!
Då møtest vi i Leivdalen hos Aslaug kl 18.30 og startar med å førebu det vi kan til Låvemessa som er helga etter.

Styret i arrangementet hadde møte tysdag 16.8, og det meste er no klart. Aslaug har gjort ein fantastisk god jobb så langt, så no håper vi at så mange som råd av medlemmane vil møte opp denne kvelden.
Mykje info er allereie sendt ut på epost/brev tidlegare, men det vert no høve til å sjå området og få ein grundig gjennomgang av korleis dette arrangementet skal gå føre seg. Om alle yter sitt, så vert nok dette eit spennande og kjekt prosjekt.
Vi har fått eit flott og variert utval av utstillarar til messa, så her vert det berre kvalitetsvarer å få kjøpt! Det er berre å gle seg!!
OBS! OBS!
Når det gjeld gevinstar til lotteriet, så treng vi snarast å få dei levert eller registrert. Dersom nokon ynskjer å levere til Lappestua (Siv), så er det innleveringsfrist der 24.8. Etter denne datoen vert ho bortreist. Då må gevinstane leverast på møtet den 30.8.
Det vert kaffi/te på møtet, anna å bite i tek kvar med til seg sjølv denne gongen.
lørdag 6. august 2011
Ferien over??
Så er vel ferien over for mange av oss? Då er det vel på tide å ta fram att noko å pusle litt med, litt oppvarming! På siste møtet før sommaren hadde vi om hexagon, små lappar som vi kunne sy for hand og setje saman til små eller store produkt. Dette bildet over fann eg på bloggen Simple Pleasures, her er ein fin ide til å lage små arbeid om til store på kort tid! Ved å montere ei lita hexagon-blokk på eit stoff, så kan dette fort syast saman på maskin. Faktisk ganske fint også, for kontrasten i fargane gjer at forma på hexagon kjem godt fram.
På haustens første klubbmøte håpar vi at nokon har med seg eit "hexagon-produkt" frå sommaren å vise fram. Vi skal også ta føre oss eit lite hexagon-arbeid.......
fredag 1. juli 2011
"Blåkurs" med Magnhild Tautra
Blåturkomiteen hadde noko BLÅTT på lur, vi visste det var eit kurs, men ikkje kva! Magnhild Tautra hadde teke på seg å vise oss noko med handsaum, og ho hadde laga til 2 spennande prosjekt.
Stofforigami kan vi kalle dette, ei form for japansk bretteteknikk. Vi hadde fått beskjed om å ta med oss vrangsydde lappar etter eit visst mål, og her er det vi fekk til. Ser innvikla ut, men ikkje vanskeleg når vi forstod det heile!
Frå denne boka er teknikken henta.
Store blomster, eller kjempe Yo-Yo!
Stofforigami kan vi kalle dette, ei form for japansk bretteteknikk. Vi hadde fått beskjed om å ta med oss vrangsydde lappar etter eit visst mål, og her er det vi fekk til. Ser innvikla ut, men ikkje vanskeleg når vi forstod det heile!
Frå denne boka er teknikken henta.
Store blomster, eller kjempe Yo-Yo!Den blå reisa del 2
Årets blåtur gjekk til Vikebukt i Vestnes kommune, der Haldis hadde invitert oss til garden der ho har vakse opp. Turen varte frå fredag til søndag, og då hadde ho ordna med overnattingsplassar i 3 hus som alle hadde tilknytning til garden og låg nær kvarandre. Utruleg flott opplegg!
Haldis og Elna hadde planlagt godt for denne blåturen, dei rekna ikkje med sommarlege dagar, så eit langt partytelt var sett opp på gardstunet.
Fredag kveld var det grillmat til kvelds, i dette flott pynta teltet med fine quiltar og lys.
I dette teltet åt vi også frukostane i lag både laurdag og søndag.

Utsikt frå loftglaset i det raude eldhuset. Her går sola ned bak Moldefjella.

På loftet på Eldhuset var det ei lita leilighet med kjøkken, stove og 2 soverom. Her i stova kosa vi oss der vi sat tett i tett. 12 stk var vi, og alle fekk plass!
På Vikesetra har familien til Haldis denne hytta.
Sjå kor flott utsikt! Her kan ein virkelig dra pusten og nyte alt rundt seg! Rett over fjorden her ligg Molde.
Haldis og Ingun.
I bakgrunnen her ligg Vestnes med Tomrefjorden lengst bak.
Søndag ettermiddag etter ein lang fjelltur på setra, var det restefest-lunsj!
Haldis og Elna hadde planlagt godt for denne blåturen, dei rekna ikkje med sommarlege dagar, så eit langt partytelt var sett opp på gardstunet.
Fredag kveld var det grillmat til kvelds, i dette flott pynta teltet med fine quiltar og lys.
I dette teltet åt vi også frukostane i lag både laurdag og søndag.
Utsikt frå loftglaset i det raude eldhuset. Her går sola ned bak Moldefjella.
På loftet på Eldhuset var det ei lita leilighet med kjøkken, stove og 2 soverom. Her i stova kosa vi oss der vi sat tett i tett. 12 stk var vi, og alle fekk plass!
På Vikesetra har familien til Haldis denne hytta.
Sjå kor flott utsikt! Her kan ein virkelig dra pusten og nyte alt rundt seg! Rett over fjorden her ligg Molde.
Haldis og Ingun.
I bakgrunnen her ligg Vestnes med Tomrefjorden lengst bak.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






