tirsdag 19. februar 2013

Vis og fortel frå januar 2013

Baltimore, blomst og handsaum er tema på klubbmøta denne sesongen. Som oftast vert det sydd tepper, men her er blokkene brukte til puter. Kjempefint!














Ein flott strikkadress med sauer fekk være med i dag!!




Litt dårleg bilde her, men ikkje alltid lett å hive seg etter quiltar som svingar seg!!
Ei veksande veske..... frå vanleg til lang!


Dette var stitcheryet vi fekk på julemøtet.




Flott teppe der X block linjalen er brukt. str på linjalen her er 6 inch. Den finst i fleire storleikar.

Gode kaker til pausen er alltid eit hyggelig innslag!!  Takk til alle flinke matvertar som bidrog i året som gjekk og til dei som no startar det nye året!


søndag 17. februar 2013

Invitasjon frå Gloppen!

Vi har fått melding frå Gloppen Lappe- og quilteklubb om at dei har ledige plassar på kurs med Hanne Schneider.
Hanne skal undervise i blokksying med vekt på dei kjende "Nearly insane" og "Dear Jane".
Dette er Hanne sitt Nearly insane teppe

Dette kurset er første helga i mars, så de rekk dette akkurat før vi har årsmøtekurset vårt helga etterpå!!!  All anna info om kurset får de ved å kontakte kursansvarleg Annlaug Rygg,  tlf. 95032498.

søndag 10. februar 2013

Veketilbod!


Med skinande gul sol på blå himmel i Nordfjord, så får vi gode fornemmelsar til påska og den lyse årstida. Vi tek fram dei lyse fargane i interiøret og kanskje vert det høve til endå meir sying no når dagane vert legre og lengre. Kva passar vel betre då enn eit godt tilbod??
Komande veke,  ei solfylt veke 7 håpar vi, er det gode tilbod på gule og oransje stoff hos Primula Design! Kor gode tilbod,..... stikk innom så finn du ut det!
 Desse stoffa på bilda er henta frå søk på Google, og er truleg ikkje i butikken!
Komande tysdag, 12.2 vert det også linjalkurs mm. i regi av Primula Design. Kurset er på Stårheim skule frå kl. 18.30 og det er ledige plassar enno. Kontakt butikken for meir info.

mandag 4. februar 2013

Påskehøner

Sidan tankar på påska vart lansert i innlegget i forgårs, så er det vel like greitt å ha ein liten oppfølgjar!
På klubbmøtet som skal være i morgon tysdag 5.2 er temaet "Vis fram påska di", så om nokon vert frista til å lage noko til påske, så er her ein liten ide!
På bloggen til Ullas quilt World ligg dette mønsteret ute, det er små høner som ein kan oppbevare små hemmelighetar inni! Ein løpegang med snøre i gjer at dette blir som ein liten snørepose!

HER kjem du rett til innlegget.

Slik ser mønsteret ut, der er ikkje noko pdf-fil som du kan laste ned, men her får du eit lite tips:
  • Marker bildet så det blit "blått", lagre mønsteret som eit bilde i ei mappe.
  • Åpne Word og "sett inn bilde" fra fila du har lagra bildet i.
  • Når du har fått bildet på plass, klikkar du på det så du får markørar på alle hjørner og på sidene. 
  • "Dra" i eitt av hjørna og strekk ut bildet til du er fornøgd med størrelsen.
  • Treng du større bredde på arket, velg liggjande utskrift.
Då er det vel ei viss moglegheit for at vi kan sjå ei slik lita høne på møtet i morgon???


Monogrammåndagar!

Om du likar stitchery og gjerne vil ha bokstaven din som monogram, så bør du følge med på denne bloggen, Jenny of Elefantz.

Og du må besøke bloggen kvar måndag,....i 26 veker framover! For kvar måndag vert det lagt ut ein ny bokstav. Dette er det engelske alfabetet, så æ,ø og å er nok ikkje med her.

HER er link til pdf-fil til bokstaven A.
Desse bokstavane kan også syast som eit bilde med alle bokstavane i alfabetet, men då må du komponere dei 3 norske æ, ø og å sjølv i tillegg.

søndag 3. februar 2013

Februarmøte

Ny månad og snart nytt møte! Tysdag 5. februar møtest vi att til nokre timar med inspirasjon og kjekt handarbeid.
Ta gjerne med deg Baltimore som du jobbar med eller har fått ferdig. Der er kjekt å sjå korleis like mønster likevel vert ulike når ein syr med ulike stoff.

Men.....
Tida går fort folkens, og sjølv om det no er vinter, så er det fastelavens neste helg, og då går det mot påske. Difor tenkte vi no at i år skal vi iallefall være tidleg ute med påskeinspirasjonen, så her kjem utfordringa til neste møte:
( dette er Torunns eggehøne!)
"VIS FRAM PÅSKA DI!"
Oppgåva vert å vise fram det som du må ta fram for å
kome i påskestemning, og det treng ikkje vere kvilta.... !!!!!!

Så her kan det bli mykje rart å sjå, .....vi kan vente oss det meste her, alt frå egg, fyrstikker, solkrem, gul hatt, gamle ski,..... til ein koseleg påskequilt som ikkje er ferdig fordi ein berre syr på den kvar påske, eller endå verre: har tenkt å sy på den kvar påske men er ikkje begynt enno???? 

Sjølvsagt så håpar vi også på at det vert litt quiltar å sjå, for meininga er at vi kan få utveksla litt tips om kva ein kan sy til påske, enten bruks- eller pyntegjenstandar. Fint også om ein tek med bøker, mønster, bilder. For skal vi verte ferdige til påske, så må vi snart byrje!!!

Velkomne til gamle og nye medlemmer til ein koseleg kveld!

lørdag 2. februar 2013

Kurs med Birthe Lee Tveit

Så er endå eit kjekt kurs over,...... eit utruleg kjekt og inspirerande kurs. "Skeive og buede linjer" var tittelen, og vi fekk det til!!! Var ikkje stoffa skeive, så laga vi dei skeive, og dermed skapte liv i flatene. Men for å lage liv i quilten er det like viktig med rett fargeval, og dette var Birthe veldig flink til å rettleie oss i.
 Vi fekk innføring i ulike måtar å dele opp stoffa i, her er det fleire skeive kutt som vert sett saman og gjev flott effekt.
 For å oppnå litt liv i ein slik løpar, vart det sydd 3 eller fleire stripesett  i same breidde, men med ulike striper. Skal løparen være lang, må ein sy fleire stripesett.

Rett plassering av fargar gjev fantastisk resultat. Denne veggdekoren har Birthe laga og som de ser på bilda under, så brukar ho mykje einsfarga stoff. Dette er bevisst fordi stoff med mykje mønster på stel merksemda frå fargane. Og den minste bit vert brukt!



Vi fekk også sjå at svarte stoff ikkje er like svarte! Her er ein løpar ho har sydd av svarte stoff, og i lag dannar dei eit svart fargespel.


Så sette vi i gang! Om vi ikkje hadde lange remser av restestoff med oss i dei rette fargane, så kutta vi striper frå ca 2 cm til 4 cm og sette i gang med syinga.
 Og vi sydde og sydde, og sjølvtilliten steig etter kvart som timane gjekk.

Kvifor??? 
Jau, denne dama skapte stor sjølvtillit hos oss alle, for stadig vekk høyrde vi det ljoma i rommet: "Ikkje tenk! Ikkje tenk! Peisa på!! Det er ikkje noko som er gale! Alt kan fiksast!"

Å få høyre dette og så erfare at vi etter kvart skapte våre eigne skattar, var berre herleg! Så ei oppmoding til alle, ta med dåkke denne innstillinga i møte med andre, små eller store, å møte ein optimist gjer ein godt! Tusen takk Birthe for orda dine!!

Her er ein del av bilda frå arbeidet og det vi fekk sydd av toppar til løparar og vesker.



 Ei frisk kuvertbrikke sydd av Ingun, den ferdige brikka ser du HER.

Haldis laga MugRug av små restar, HER finn du dei på bloggen hennar!

Elna sydde ein nydeleg juleløpar av restar ho hadde liggande. Innimellom dei langsgåande stripene vart det sett inn eit smalt stripesett der stripene gjekk på tvers. meir skal det ikkje til for å skape liv!

 Her er det vist to andre måtar å felle inn stoff på for å få fin effekt. Over er Lailas vårlege løpar der eit stripesett er felt inn på løparen, og under er stripesettet felt inn i enden på løparen.

 Andre ting vi vart gjort merksame på, var at løparane fekk ulike uttrykk med val av rammer. Vi kunne ha lukkekant kun rundt stripene, eit einsfarga felt rundt heile stripesettet eller berre på sidene.  Og ville du ikkje ha ein bein løpar, ja så var det berre å kutte litt på sida og gjerne ha på eit skeivt endestykke i tillegg.



Vi tør vel å kalle dette ei god og skeiv helg??? Tusen takk for eit kjekt kurs Birthe, anbefaler henne til andre quiltelag som treng eit kurs med moro og piff!!

fredag 1. februar 2013

Månadsblokker

Har du lyst til å lære ei ny blokk kvar månad?? Då har du sjanse no til å få mønster og inspirasjon på  sida til Open Gate Quilts.


Her vert det lagt ut eit nytt mønster kvar månad og med ulike blokker sydd av same mønsteret. Det ser ut til at blokkene er tilpassa bruken av ein ny spesiallinjal, Fit to be Geese ruler, (klikk HER for stort bilde av linjalen)men ut ifrå bilda så kan ein truleg klare seg med dei linjalane ein har.

På bloggen finn de også fleire linkar til andre som er med på å sy blokker.

HER er link til mønsteret for januar.
Dette bildet er frå Stashmaster som også legg ut bilder av blokker som er sydd.

HER er link til mønsteret for februar.

Og det ser ut til at fleire syr slike blokker, HER kjem du til bloggen til A quilting life som har sydd både januar- og februarblokka som er avbilda under her.

TIPS:
Om de kikar nederst på innlegget her, ser det at det er lagt inn nokre etikettar (søkjeord), ma. månadsblokk. Om de seinare vil finne att alle innlegga om desse blokkene, så kan de sortere ut alle innlegga slik: På høgresida på bloggen er det mange ulike bolkar med små innlegg, og om du rullar langt ned på denne høgresida, så finn du ein bolk som heiter Etikettar. Desse står alfabetisk, så når du ser ordet Månadsblokk, klikkar du på dette, og du får fram alle innlegga som er merka med dette ordet.