søndag 2. november 2014

Bilder frå oktobermøtet.

På oktobermøtet var det veldig mykje fint å sjå, og fordi vi hadde septembermøtet i lag med førebuingar til Låvemessa i Leivdalen, så vart det "Vis og fortel" for 2 månader.


Vi starta møtet med å lære korleis ein kan lage eit langt skråband av eit kvadratisk stoff. For om vi skal skråskjære på eit "vanleg" stoffstykke, så vert det mykje svinn. Haldis viste oss steg for steg, og vi høyrde mange "AHA" og "Dette var jammen lurt!".

 Ein startar med å skråskjære kvadratet og sy det saman att som på bildet.

Deretter tegnar ein linjer som er breidda på skråbandet; 1,5 eller 1 1/4 inch. Deretter syr ein saman stoffet til ein ring, pass på at du treff ihop med linjene du har tegna på.

Til slutt er det berre å klippe opp og du har ei lang remse!!


 Anne Marie viste "Ålborgteppet" sitt, sydd av lappar ho vann på Nordisk Quiltetreff i Ålborg i 2012. Dette teppet kjem det ein artikkel om i medlemsbladet til Norsk Quilteforbund, enten i neste blad eller i første nr 2015. Og er du ikkje medlem der, så er det lurt å melde seg inn,  medlemsbladet er innholdsrikt med artiklar og mønster og er i ny design no.






 Mange flotte detaljar, sjå berre quiltinga, rundingar slik som i det blå/lilla stoffet.
 Primula Design hadde med seg ein velfyllt og fristande butikk! Vi er svært glade for at vi har butikkutsalg på alle møta våre, ofte har vi to butikkar også (Lappestua Eid), dette er vi kanskje åleine om i landet??






 "Disappearing hourglass", Laila U P har sydd denne løparen, denne teknikken skal vi få lære på medlemsmøtet no i november.


Dette teppet med mønster frå MyQuilt har Anne Marie sydd, meir bilder kjem i eit eige innlegg.



 Eit lite juletips,..måtte berre få bli med, for desse hekla skøytene på ein binders var no geniale!!!


 Baksida er også dekorativ, så løparen kan være vendbar!!

 Dette er Lemoyne Star blokker.

 Ein lur detalj på bildet over, for om veska opnar seg for mykje, så sett inn ein lapp som stengjer!!




 Nydelege tepper sydd av Randi R.

 Under ; endå ei kreativ veske av Randi R.








 Bildet over; frå kurs med Ati Ham Saas, Solfrid har sydd dette.




lørdag 1. november 2014

Quilteutstilling i dag og i morgon!!!

Kort varsel dette, men frå eit medlem har vi fått vite at det er ei flott quilteutstilling i Ørsta. Volda og Ørsta Quiltelag har utstilling i Kunstlagets hus i Ørsta i dag 1.11 og i morgon 2.11 kl 12-17.

Litt seint for å nå dagens utstilling, men kanskje du har tid i morgon?
"Vel verdt å sjå!" er kommentaren frå Eli som har vore der i dag og sett. På vegne av klubben har ho teke nokre bilder og sendt på epost! Takk for det Eli! (og tek gjerne imot bilder når andre er ute og reiser og oppdagar quiltar!)




Øresundsquiltar!

Eia var vi der no i september,...i Malmø der Øresundsquiltarna held til! Der arrangerte dei Jubileumsutstilling.

"Öresundsquiltarnas 10-års jubileum firades i Limhamns Folkets Hus den 26-28 september 2014."

Dei er truleg ein stor klubb, for ut frå mengda av quiltar på utstillinga, så er der mange og allsidige medlemmar. På bilda ser ein alt frå tepper, kunst, figurar, bilder, mange spennande teknikkar, og mange spennande butikkar.
 Som du ser av logoen deira, så er brua viktig for dei,...brua over Øresund. Ei lang bru mellom to land, men på kort tid kjem ein seg over til Danmark og alle quiltarar der!! På Jubileumsutstillinga var det også mange butikkar, også danske, så dette kan vi samanlikne litt med vårt arrangement "Regionstreff". Berre at regionen deira gjeld to land!
Her er nokre få av bilda frå utstillinga, alle bilda i innlegget her er lånt frå bloggen deira. Dei har lagt ut utruleg mange bilder frå utstillinga, men rull bakovert i tid på bloggen, for her er mykje spennande å sjå. Og skal du nokon gong flytte, så flytt til Skåne og bli med i klubben der, for her er det stort miljø, gode kurs og mykje samarbeid med Danmark ser det ut til.
Ein HATTEKALENDER!! Så smart om ein har minst 12 hattar,...så er her ei oversikt over kva hatt ein skal ha på seg kvar månad!!
Sjå på desse stilige "Rørnissane"!! Slike har vi ikkje i Norge med det eg veit, men desse hadde vel vore moro å lage??? Er det nokon som kan tipse om framgangsmåte her, må dei gje beskjed!!

Her er også heimesida deira, den er meir som info, bilder finn du på bloggen.