torsdag 9. august 2018

På quilteutstilling i Sverige!

Når underteikna er på ferie i Sverige, så er eitt av måla å sjå om det finst utstillingar i området! Etter fleire år som turist i Halland sør i Sverige, så har eg etter kvart lært at siste veka i juli, v. 30, er det fast utstilling i quilteklubben "Kviltsystrarna" i Varberg.

Klubben er ikkje så stor, men dette ser ut til å være ein aktiv og kreativ gjeng. Det er ikkje så rart når ein veit kven som er leiar i klubben,...Eva med bloggen Bambi syr med sin quiltgladje! Mange av våre medlemmer har nok vore innom bloggen hennar og kanskje sydd av mønster ho har lagt ut.



Dette året hadde dei utstilling i lokala til Bjørnhults golfklubb  i Falkenberg(....nesten slikt område som rundt vårt møtelokale på Stokkenes!! ), dette lokalet låg berre et par km unna campingplassen der vi budde!! Og utstillinga nådde eg akkurat, kom til området siste dagen av utstillinga!!

Kvart år har dei eit tema for utstillinga, i år var det "Randigt, rutigt och blommigt"!

Eg har vore på deira utstilling fleire gongar, ja så mange gongar at dei kjenner meg att og ønsker meg velkommen! "Er det du från Nårrje???" spør dei når eg helser på og begynner å snakke!! Det er veldig kjekt å bli så godt motteken, kjenner seg nesten heime her når ein treff igjen quiltevenner! Eg spør alltid om å få ta bilder, og det får eg lov til! Tida går når ein både skal sjå og prate, og vi deler erfaringer og tips!!
 Helena og Viveca
Inga Lill, Mariann og Helena

Takk til damene Helena og Viveca som tok imot meg, og jammen så kom Inga Lill på slutten også, så kjekt å treffe alle kjende!!

Det vart mange bilder frå utstillinga, så kos dåkke med mange flotte quiltearbeid!









 Her er det brukt linjalen Crazy curves, 7" og 3,5", eit nydelig sengeteppe sydd av Viveca!



















































 Det var også flott utsikt ut til den store golfbana, og som de ser så er den brun av tørke mange plassar!!


 Ei stor og flat golfbane omkranser huset der utstillinga var!

































Tusen takk for meg, så kjekt å få besøke utstillinga til desse flinke damene! Så eit tips til ferierande neste år, i v.30 har dei utstilling igjen, i området mellom Varberg og Falkenberg!!!

Helsing frå Mariann

Sommarhelsing!

OBS! 
Dette innlegget vart lagt kun på Facebook 1.august då underteikna var på ferie, men legg det no inn her litt forsinka slik at dei som ikkje er på Facebook også kan sjå det!

Litt quiltearbeid er alltid med når underteikna er på ferie! Og sjølvsagt så ser ein etter både stoffbutikker og utstillinger, med positivt resultat!! Ferierer sør i Halland i Sverige i sydentemperaturer, ypperlig med handsaum på stranda då! 

Sommarhelsing frå Mariann!


onsdag 8. august 2018

Snart syhelg til fjells!!

Vi er no begynt å glede oss til syhelga som  vi arrangerer for medlemmane våre.

Denne gongen skal vi høgt til fjells, til Øyberg sæter som ligg på Strynefjellet. Siste helga i august skal vi kose oss med kurs v/Ingun Vaksdal (curves-linjal) og sjølvsagt skal vi ha mykje god mat og prat!

Hittil har 16 medlemmer meldt seg på, men om nokon fleire no ynskjer å vere med oss, så må du kontakte Torunn snarast!

Med Curveslinjalen, både den store og den vesle,  kan ein lage  mange flotte uttrykk! På heimesida til Sew kind of wonderful er det utruleg mykje flott å sjå, her kan du også sjå kva mønster dei har laga til linjalen. Det ligg også video av nokre framgangsmåter på YouTube.

Her er nokre inspirasjonsbilder frå Pinterest!











Fleire finn du her og  her!

Då er det berre å begynne å tenke ut kva for stoff du skal ta med deg,.....bedre  med litt for mykje enn å ha for lite stoff!!!