mandag 9. februar 2026

Bilder frå februarmøtet!

Tema på februarmøtet var vårlige småfuglar! Her sydde vi over papp og mange hadde med seg ulike modellar, ein veldig kjekk aktivitet medan praten gjekk over borda. 

Ingun viste også mulighetene med linjalen Lazy Angle.

Elles mykje fint å sjå på "Vis og fortel"!






Eksempel på blokker med linjalen Lazy Angle.















10-grader linjal er brukt her!







Her er det mange små bitar, kuttemål for kvadrata er 1,5 inch.








"Posh penelope", frå kurset med Mona Rosvold i haust.





Skikkelig fristande utval frå Sybutikken primula Design





Takk til matvertane for god kaffimat, og ved sida av brann det godt i peisen!
Ein kjekk kveld for alle frammøtte, og det var nesten 30!!






fredag 6. februar 2026

Bilder frå ei kjekk syhelg!

Sist helg arrangerte vi syhelg, eit "lavterskeltilbod" der vi kun lodda stemning om folk ville komme for å sy i lag.

Laurdagen talde vi heile 17 symaskiner, og det var kjekt å sjå all aktivitet i rommet. Vi hadde ikkje noko spesielt opplegg, for alle kunne sy på det dei ville.

Nokre av oss lurte på korleis ein syr "pølseveske", og medlem Gitte viste oss korleis ein bretta og sydde dei lange fargerike pølsene! Så takk til ho for all hjelp til det, men elles så var vi der for kvarandre med både tips, inspirasjon og deling av erfaring. Mykje kjekt arbeid var i gang denne helga!






































søndag 1. februar 2026

Velkommen til februarmøtet!

Vi er komne til februar allereie, og vi møtast att tysdag 3.2 kl 18.30-21.30 på Stokkenes gjestegard.

Vi legg opp til ein litt  vårleg aktivitet på møtet,.....vi skal lage SMÅFUGLAR!


Til aktiviteten treng du å ha med deg:
  • Stoffrester i ulike farger
  • Tynne silkeband eller hampetråd til bein og stjert
  • Perle til auge
  • Tynn vatt
  • Tynn kartong (vi har nokre pizzaøskjer på Stokkenes om du ikkje har)
  • Blyant
  • Papirsaks
  • Limstift
  • Synål og tråd
  • Små klyper om du har
Vi har mal til fuglane på bildet, men oppfordrar dåkke til å ta med andre modellar om de har.

  • Elles vert det påmelding til årsmøtekursa 7.-8. mars. Kursa har fleire tema, Siv  viser X-blokk og Ingun Lazy Angle.

På møtet tysdag vil Ingun vise mulighetene med blokka Lazy Angle, ho har med papir og vi kan leike oss med fargar. Ta med papirsaks og limstift til dette.



Elles vert det vanleg innhold på møtet som:
  • Info frå styret
  • Vis og fortel
  • Lotteri