søndag 7. februar 2016

Bilder frå februarmøtet!

Papir med blank tape på er brukt, over her er det Donaldblad og eit rutehefte som er brukt! Sjå kor flott fargeeffekt ulike papir gjev!
Grete gjekk på kurs med Vigdis Hovden Månsson på Vestlandstreff 2015, dette er ein teknikk som fleire bør prøve seg på.
Den blå er av blåfarga reklamepapir som er samla på, den grøne er av innpakkingspapir, heilt forskjellige uttrykk avhengig av papiret. Når dei er sett sammen er innsida også ferdig, det er kun glidelås som må syast på. Dette er fletteteknikk der alt blir gjort for hand! Vil du sjå meir så klikker du på linken over her.

 Ei toalettveske laga av "minnestoff",. ei morgonkåpe, sydd av ei kjær grandtante som no er borte, men med bilde av henne innfelt, så lever dei gode minna vidare. Nydelig!! Sydd av Synnøve.

 Over og under: "Storm at sea"-linjalen er brukt her. Dette var temaet på møtet, det kjem eit eige innlegg om dette.

 Dei små rutene er av oppsamla restestoff!! 1"!! Vi hadde eit kurs for 4 år sidan med Nancy Eriksen , Restetepper, då vart vi oppfordra til å kutte opp alle små rester og sortere dei i boksar. Når boksen har nok rester, kan ein sy noko, og det er akkurat det Torunn har gjort her!



 Teppe sydd med linjalen "Hunter star".

 Randi har sydd denne spreke påskeløparen, brukte linjalen "Hex n more". Vi hadde kurs med Helle Løwenskiold i november, veldig kjekt og nyttig kurs!


 "Hunter star"- linjalen er brukt, dette skal bli konfirmasjonsgåve, og den gule stjerna er bestemor Randi som har sydd dette!! Flott!









 Anne Marie har sydd etter mønster i MyQuilt, Vinterteppe heiter det.




 "Hunter star" linjalen.

 "Hex n more"- linjalen.

 Haldis har sydd bleieposer til barnebarnet!









torsdag 4. februar 2016

Syhelg!



Vi ynskjer alle medlemmane våre velkomne til syhelg no laurdag og søndag (6. og 7. feb). Vi hadde påmelding til helga på siste klubbmøte, men om du ikkje var på møtet, så har vi plass til nokre til!

Stad: Stokkenes Gjestegard

Laurdag: frå kl 10 - ut på dagen til vi syns vi må gå heim.....
                 Lunsj kl 13.

Søndag   : frå kl 10 - ca 15
                  Lunsj kl. 12.30

Aktivitet under helga:  I utgangspunktet tenkjer vi oss at ein tek med seg det vi held på med, for det er både kjekkare og meir inspirerande å sy i lag. Ein får også tips av kvarandre, og lure teknikkar er det alltid nokon som kan! ....og er det ein teknikk ein lurer på, så er der alltid ein kvan som kan hjelpe.




Du kan også begynne på nye prosjekt, er det noko du er usikker på, så tek vi det som ei felles utfordring så du kjem i gang!!

Vi har nokre få punkt som er planlagde:

  • Laurdag ca kl 11 viser Mariann korleis ein syr på lukkekant.
  • Primula Design vil ha stoff mm. i lokalet.
  • Vi fortset med å sy "Storm at sea" og lærer teknikken bedre av kvarandre.
  • .....og vi skal kooose oss heile helga!


Den som vil kan ta med kaffimat, "quilteengelen" har fri denne helga......

onsdag 3. februar 2016

Sy LASER-rett!!

Deler gjerne eit tips frå internett og som no er utprøvd i praksis!

Er du også blandt dei som hittil har lege langflat på golvet og sikta i rett linje når du skal rette opp lange løparar og tepper før quilting??? No kan vi ved hjelp av moderne laserteknikk få god hjelp! Kvifor er det berre menn som skal ha slike duppedittar i verktøykassa si???

Vel, underteikna kjøpte ein laservater i julegåve til mannen for nokre år sidan, i håp om at denne kom godt til nytte i praktisk arbeid i heimen. I vinter har han vore hjelpar med bla. flislegging hos datter i nytt hus, og erfarte at slike småverktøy ikkje var brukandes.

Då var det ikkje vanskeleg å be om å få denne som ekstrautstyr i Quilte-verktøykassa, og gjett om dette var rett plass.


Ein litt lang løpar skulle rettast opp, og det skulle quiltast "in the ditch", aller helst strekbeint!! Denne vesle laservateren gjorde ein framifrå jobb, og anbefalast verkeleg!

Hendig størrelse, du får den i lomma!! Men OBS! Dette er ikkje leiketøy for barn, ein må ikkje få laserlyset i augene!

Har googla litt og sett at Jernia har den i sortimentet sitt for ca 400 kr, du finn den også i mange nettbutikkar, HER finn du ei liste. Det er slikkert fleire tilsvarande å få i markedet, men kjenner ikkje til fleire akkurat no.