søndag 2. juni 2019

Velkommen til junimøtet!

Vi inviterer medlemmane våre til junimøtet tysdag 4.6 med avslutning før sommarferien. Møtet vert som vanleg på Stokkenes Gjestegard der vi har følgjande aktivitetar denne kvelden:




  • Vi satsar på at veret vert bra, i alle fall med opphaldsver, så vi legg opp til at "Vis og fortel" skal henge på snorer ute og inne! Slik som då vi ein gong hadde "Flagrande tepper" i Eidsgata eller ved Eidselva slik bildet over viser! Snorene fester vi på stolpane utanfor lokalet, og inne, og når de kjem til møtet, så hengjer de opp det som de har med, festar med kleklyper! Fint om du har namn på tinga dine, for då kan vi spørje om teknikk, mønster du har brukt mm. Vi er usikre på om vi har nok klyper, så ta med deg klyper til dine ting! Håpar at alle tek med seg noko å stille ut, det gjer ikkje noko om vi har sett det før!!

  • Det vert to aktivitetar som de kan delta i:
  • Stitchery: Du får utdelt eit lite mønster til ein blomst, meir info på møtet. Ta med deg moulinegarn til sjølve blomsten, 2 fargar og eit stoff å sy på som er ca 15 x 15 cm. Litt tynn vatt til å ha under når du syr og blyant/tusj til å tegne på mønsteret.




  • Solbrilleetui: Syaktivitet på maskin: Mariann viser korleis du kan sy deg etui til solbriller eller vanlege briller. 
  • Demonstrasjon av korleis lage eigne skråband til etuiet.
  • Ta med deg symaskin om du vil, Mariann tek med ei maskin.
  • Av stoff treng du frontstoff, vatt og for, alle minst 20 x 22 cm.
  • Til skråband i farge som matchar frontstoffet treng du eit kvadratisk stoff på ca 11 x 11 inch.
  • Ta med lang inchlinjal, stoffsaks og kulepenn/tusj som viser att på stoffet ditt og knappenåler.
  • ca 15 cm rundstrikk ( slik som gjerne er brukt som "strammesnor" i jakker og bukser)
  • knapp på ca 2 cm diameter




  • Matvertane lagar til kaffimat til vanleg tid og klubben spanderer litt saltmat og salat til. (det vert ikkje grilling).


  • Lotteri med fine gevinstar.
  • Primula Design har med aktuelle varer som vanleg.


Velkommen til ein hyggelig og aktiv førsommarkveld!


søndag 26. mai 2019

Bilder frå maimøtet!

Mykje kjekk aktivitet på maimøtet, då var temaet det norske flagget i miniformat! Gitte hadde laga modeller og viste oss framgangsmåten. Takk til henne for innsatsen!



Flagga var sydde over papp, i to ulike størrelser. Målet for mange er kanskje å lage fleire så ein kan lage ei flaggremse festa på ei fin snor. Blir sikkert ferdig til neste nasjonaldag!!






Det var elles mykje fint å sjå på "Vis og fortel" for både gamle og nye medlemmer som kom denne kvelden!
Nydelig dekor på ei spesiell mappe! Laga som gåve!

 Lita mappe/veske sydd på "demo-kurs" med Siv på Lappestua-Eid, forhandlar av Janome.







Pose med plass  til alt utstyr til ei drilljente!




 Denne puta  og ei til som liknar, har Elisabeth fått i gåve, usikker på kvar den er laga, men flott "log-cabin-teknikk" med vri og fin avslutning rundt. Ein god ide til den som vil prøve seg på ei slik!!













 Løper sydd på treffet på Klækken!



Mykje fine varer var lagt fram i butikken til Primula Design!






Takk til matvertane for nydelig servering i kaffipausen!






søndag 5. mai 2019

Velkommen til maimøtet!

Det er tid for nytt møte, tysdag 7.5 kan vi glede oss til ein kjekk kveld!

Vi skal kose oss med handarbeid, og som vanleg vert det:

  • Lotteri
  • Kaffipause
  • Vis og fortel
  • Utlån av bøker/linjalar
  • Primula Design med fristande varer


Tema for kvelden er handsaum av flagg! På bildet  (Lånt frå internett) er det papirflagg, vi skal lage
av stoff!



Gitte vil vise oss og har laga modellar. Her er liste over kva du må ta med deg:

FLAGG
Material:
·      Papp,- til å teikne malen/ mønster på, ikkje for tjukk. ( eg kjøpte papp på bokhandelen ).
·      Blyant/ penn.
·      Limstift ( Tombow, Scotch ol.  På bokhandelen).
·      Raudt stoff 11x15 cm, 2 stk. til eit flagg.
·      Saks ( Papir og stoff saks).
·      Kvit silkeband 7-8mm breitt.
·      Blått sikeband 3-4mm breitt.

·      Raud sytråd og synål.

Velkommen til møte!


lørdag 13. april 2019

Bilder frå aprilmøtet!

Som vanleg er det mykje fint å sjå på møta våre. Når vi har godt frammøte og medlemmane er aktive heime med symaskina, ja då får vi sjå resultata når vi møtast!!

Ei stor takk til alle medlemmane våre som bryr seg om kvarandre og deler idear om både teknikker og mønster!! Det er dette som gjer det så godt å være medlem i klubben vår!!

Her kjem bilder frå denne aktive kvelden som starta med at Synnøve hadde ansvar for aktiviteten: PÅSKEHAREKORG! Ein flott modell som ho har laga mønster til, og det vart flott engasjement på  denne kvelden.














 Flott utvalg i butikken til Primula Design! Til og med ein lappekopp!!

Mønster til denne står i siste medlemsblad til Norsk Quilteforbund.





Vesker frå kurset med Sylvi Ruud.















Nydelig mat i pausen har vi kvar gong, takk til matvertane for god servering!