fredag 4. november 2011

Julesalsutstillinga er på plass!

Om du no går på Didriks kafe på Nordfjordeid, så vil du sjå julete quilteting rundt om på veggane der. For i går jobba Aslaug, Sølvi og Elin flittig med å få hengt opp alle dei flotte arbeida som vart samla inn på siste klubbmøte.


Her ser ut til å vere rikelig med varer akkurat no, men desse damene er så optimistiske til denne salsutstillinga at dei allereie no ETTERLYSER MEIR VARER FOR SALG!!!
Dei ynskjer å ha eit lite lager som dei raskt kan supplere frå, for vi veit alle at ei bugnande utstilling sel mykje betre enn ein ting her og ein ting der! Og det er mange kafedagar før det er jul, så her kan det bli mykje salg!
Her er viktig melding frå Aslaug:
Eg tek meg av registrering av produkta og sørger for å fylle på varer på Didriks. Eg hentar og pengar, og betaler ut til dei som skal ha det.

Det beste for meg hadde vore om eg fekk inn masse, og kunne pøse på framover. Vil tru at det er nokre restar etter låvemessa..... Dei kan ringe meg,dei som har noko... Treng ikkje berre være jul og advent, kan være ALT mulig :-)
Mobilnr er : 97533623

Ingen kommentarer: