mandag 5. mars 2012

Nytt kalenderprosjekt!


Det er mars og vi startar på eit nytt år! På siste klubbmøte vart vi enige om å starte opp med fellessying av kalenderblokker. Alt treng ikkje å starte i januar fann vi ut, så no er vi i gang.

Inspirasjonen til dette kjem frå vår flinke og aktive medlem Randi Røys. Ho har teke utgangspunkt i ein vanleg kalender som hadde flotte strektegningar. Det er Randi som har sydd blokka på bildet, og det er ein kombinasjon av applikasjon og stitchery.
Månadsblokka brukar ho i eit oppheng av smijern som ho har kjøpt hos ein smed i Jølster. Vi skal få sjekka opp kvar dette stativet er å få kjøpt, meir info kjem her eller på epost til
medlemmane.
Mønsteret til blokka vert sendt ut på epost til dei av medlemmane som har det, dei andre får kopi.

1 kommentar:

BenteOO sa...

- og vi hine kan berre ha lyst på oppskrifta? :-D8!!!