Vi kan gjerne sitje ute med quilten vår, eller være ute og sjå på ein ferdig quilt???
Under her er eit kåseri underteikna hadde på klubbmøtet i mai,......der draumen om korleis ein sommarduk skal sjå ut og korleis den skal være ein del av vår sommaroppleving.
DEN ULTIMATE SOMMARDUKEN!
Så er det blitt sommartid og
vi ser fram til varme sommardagar der vi bur meir ute enn inne. Der vi kan
sitje ute og sy på verandaen, og deretter nyte ein sommarleg quilt. Draumen om den ultimate sommarduken dukkar
opp, og for at den skal bli perfekt, så er det mange krav for at dette skal bli
den rette tenkjer eg.
Sjølvsagt er det fargane som
er avgjerande, sjølv om mønsteret og størrelsen også tel med. Men mønsteret
skal ikkje ta susen frå det rette fargevalet, så difor må fargane gje dei rette
assosiasjonane.
Sommartida er lys og lett,
med lyse netter og friske fargar rundt oss. Duken må også ha dette som
hovedtone, med lyse stoff iblanda stoff som minner om alt det sommarlege som
skal skje rundt den.
Blant anna dette:
Duken skal liggje på bordet
når eg sit ute dei tidlege sommarmorgonane, når det kjem lett fuglesong gjennom
lufta og humlene surrar i det doggfriske blomsterbedet mitt rett ved sida av, når
Nitimen spelar sine herlige sommarsongar med Lillebjørn Nilsen sin song om
”Tanta te Beate” og Fabel sine songar om ”Jordbær og grasbrann ”og deretter ein
herleg ”Dunk, dunk , dunk” båtmelodi dei også har laga. ”To pilsnere i ei snor”
høyrer sjølvsagt også med.
Duken ligg der litt åleine
medan sola steikjer på det varmaste midt på dagen, men om litt dukkar den
første rabarbrapaien opp på bordet i lag med rykande fersk kaffi i krus som akkurat
matchar fargane i duken. Paien med
lysegul vaniljekrem i lag med raudgrøn rabarbra i midten og kvite melisstriper
oppå, står midt på duken i lag med ei glasskål med kald vispa krem. Det både
smakar og ser godt ut!
Når sola byrjar å lage lange
skuggar i geografien, så tek duken på seg sine ”mørkaste fargar”, for no er
lyset annleis. Stemninga vert også litt annleis, for her dukkar det opp ein
knaskande salat i grønt og syrlege fargar, ein sprø lysebrun baguett ligg lett
over duken oppi ei sommarleg korg, det innerste lyse i det ferske brødet ligg
berre og ventar på det gule Bremykt-smøret og dei sarte rosa rekene like ved. Det kjem ein sval bris frå havet som stryk
oss over hud og hår og den salte og
friske sjølufta prikkar i nasen medan vi nyt ein kald sprudlande cider til maten
og dei lekre fargane på bordet.
Jau, no har eg nok bestemt
meg for kva fargar den ultimate sommarduken må ha! Her treng eg den lyse fargen
for lyset og roen, den litt syrlege fargen for dei friske og spennande smakane
som ein sommarmeny har, eit stenk av blågrøne tonar som samlar både himmel og
hav, til slutt dempa ned av ein mørkare farge som vi treng for å få kvile når
dagen er over.
Eg ser duken for meg,
passande til alle anledningar ute i den komande sommaren. Men når regnbygene og
den sure vinden plutselig slår inn over den vakre kysten vår, då kan eg legge
på sommarduken min inne for å nyte den, sjå på den og tenkje på alle
anledningar som eg har hatt i lag med den. Så kan eg vaske den, stryke varsomt
over den og igjen glede meg til fleire sommaropplevingar ute så snart dei grå skyene
dreg sin veg.
Ein sommardukdraum frå Mariann
Dei to bilda oppe i teksten er av underteikna sin uferdige duk!! Det er travle tider både ute og inne, så det har ikkje blitt sying enno, men kanskje det blir litt tid til sying på verandaen når ein snart får sommarferie??
Desse to bilda vert nok redninga i denne samanhengen. Aud L. frå Svelgen har sydd sin ultimate duk, spesialsydd,..... den er trekanta! Og med lette sommarlege fargar som i ei blomstereng! Takk til Aud som tok med denne duken eins ærend på blåturen for å vise fram sin sommarduk!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar