Det er 5. desember og førjulstid i Bergen by. Der er bloggred. denne dagen, men skulle aller helst ha vore heime og vore med på julemøtet i NLQ kvelden før.
Då er det likevel ei stor trøst å kunne gå inn på butikken Quiltekroken og nyte synet av fine stoff, mange modellar, og den flotte måten denne butikken presenterer sine varer på. Her finn vi det eg kallar "flotte Stillèben" skapt av stoff, tilbehør, modell og mønster. Det er akkurat dette som inspirerer og får fram "sjela" og egenskapane til kvart stoff og stoffseriar. Må få rette honnør til Mona og Co. på butikken for dette, fantastisk flott! De som er innom bloggen må nyte bilda av stoffa og modellane, men kikk også på korleis miljøet er rundt!
Dei som har følgt bloggen ei stund, har nok sett mange innlegg frå Quiltekroken. Eg må få takke dei tilsette på butikken for at dei ALLTID seier ja til meg når eg spør om å få ta bilder. Det er mange av medlemmane våre som er innom butikken når dei er på bytur, og då er det kjekt å få vist kva som rører seg "ute i verda" og kva dei kan vente seg ved besøk i butikken. Vil også ta med at det flotte teppet som Haldis viste på julemøtet, var eit abonnement frå denne butikken.
Ynskjer Mona og Co eit Godt Nytt År på butikken, og så får de nok besøk av mange av oss frå Nordfjord!!
1 kommentar:
Oh how I wish there wer a shop like this somewhere in Finland as well... :)
Legg inn en kommentar