søndag 4. mars 2018

Marsmøte!

Det er blitt mars og det er tid for nytt møte i klubben vår!


Tysdag 6. mars møtest vi på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30. Matvertar til møtet står på lista til høgre på bloggen.

Vi gjer merksam på at denne dagen har vi eit styremøte i lokala våre frå kl 17.30- seinast 18.10, men vi opnar dørene før om vi er klare for det. Det vert ope  som vanleg inn til  "stova" ved inngangspartiet.

Tema for møtet denne gongen er litt førebuing til Regionstreffet som er 8.4. Vi skal lage noko "lite", det er handsaum, så ta med deg dette:


  • Ein ensfarga stoffbit, ca 15 x 15 cm, fargen må være så lys at svart tekstiltusj viser att!
  • Ein liten stoffbit i kontrastfarge, 5 x 5 cm
  • Små perler og litt større perler om du har
  • Band,...her tenkjer vi smale silkeband ol, men passe  str. til at du kan tre dei største perlene inn på bandet.
  • Litt tynn vatt
  • Ei sikkerhetsnål
  • Sysaker
  • Tekstiltusj om du har


Ei påminning i samband med Regionstreffet:

- Ansvarlege for lotterinemda ber om at dei som har gevinstar klare no, må ta dei med på møtet!
- ....  og så var det knappeinnsamling for dei som kan avsjå nokre!!

- Og sjekk om du har kontroll på kvar du har den lilla t-skjorta di! (medlemmar som var med på å arrangere Vestlandstreff har fått ei slik)


Elles så vert det Vis og fortel og lotteri med nyttige quiltegevinstar!!

Velkommen til møtet vårt, og om  det er nokon som har lyst til å bli med i klubben vår, så er dei og velkomne!! Døra er open!!



Ingen kommentarer: