Vi starter opp ein aktiv sesong med kurs allereie no i januar!
Helga 21-22 januar skal vi ha kurset "Pølseveske"!! Kanskje eit spesielt namn på ei veske, og det er ikkje ei spesialveske til pølser!!
Veska er kalla Pølseveske fordi den er sydd sammen av loddrette tjukke kanalar, tjukke som pølser!
Kurset er ved Gitte og Synnøve, og vi hadde bindande påmelding på møtet vi hadde i går.
Det er ledige plassar på kurset, så om du vil bli med, kontakter du Synnøve på mobilnr. 98005242. Då vil du også få materialliste og den infoen du treng om kurset.
Veskene er store og romslige, og er gode som både weekendveske og strandveske om sommaren. Og du kan heilt sikkert bære pølser i dei også!! :)
Meir info vil kanskje komme på medlemssida vår, så følg med der også!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar