lørdag 7. januar 2023

Bilder frå Januarmøtet!

 Det nye året er i gang, og denne gongen opna vi med quiltekafè med "Stitcheryaften"!

Kjekt å sjå kor mange som hadde med seg noko å sy på, store og små prosjekt! I tillegg fekk ein høve til å tegne av eit motiv som var lagt ut på bloggen sist, og ei hadde allereie sydd motivet ferdig!






Vi ser også at mange driv med gjenbruk av tekstil, ikkje berre stoff, men også gamle broderi som td. klokkestrenger! Britt og Aud T er meister for desse under!



Og flotte dukar som framleis får være dukar, Synnøve viste desse!




Synnøve sine "Frislidugler"!!



Eit stort arbeid på gang, høyrer til "Route 66",Ingebjørg er tålmodig syer!!

Gitte har sydd mykje etter mønster frå denne boka:







Anne Maries stilige veske frå eit kurs vi har hatt.
Desse veskene vert det kurs i om eit par veker. Det er truleg ledig plass der om du vil være med!!

Gitte syr stitchery med motiv frå ei fargeleggingsbok!! Flott tips om du vil ha noko småstilt!!
Anne Marit sine fine poser!


Reidun viste ei gåve ho har fått frå ei venninne, pinneetui og strikkeveske.

Elna har sydd strikkeveske!

Torunn gjekk på kurs i haust med Helle, har sydd brikker med "Spot on"- linjal og 
den "Frie kompassrosa" vart til veske!



May K har brukt Chenille-linjal kjøpt hos Primula Design


Gjesten Sol sydde på ein fin hjerteløper der hjerta var stansa ut, kjøpt hos Trapp Ned i Førde.

Og sjølvsagt var det god servering på kafeen!! Takk til matvertane.




Ingen kommentarer: