søndag 1. januar 2023

Møtestart i 2023!

 Velkommen til årets først møte, 3. januar møtest vi igjen på Stokkenes Gjestegard kl 18.30!

Årets første møte har alltid ein roleg start med det vi kallar Quiltekafè. Her er opplegget å berre møtast, prate rundt bordet og å ha med noko å sy på. Kafèmaten syter matvertane for.

Ofte har vi lukkekanter å sy på, men kvifor ikkje la dette første møtet i året verte eit møte der ein tek med eit stitchery å sy på. Nokre av oss har sikkert uferdige stitchery liggjande, medan andre treng noko nytt??

 Limer difor inn eit vinterrelatert bilde frå Pinterest om nokon har lyst til å prøve seg på dette!

Kopier bildet inn i Word, dra ut til ønska storleik og skriv ut! Underteikna tek med nokre storleikar til å tegne av også!

Oppfordrar også alle til å ta med  mønster som kan tegnast av, så ta med deg matpapir og blyant. Vanleg lys lerret duger flott til stitchery, og moulinegarn. 

Og om du ikkje veit korleis du overførerer motiv  til stoff, så viser vi tips til det. Ta gjerne med deg ein "OTT-lampe" og din største linjal!

Kvelden blir elles som andre møter med:

  • Vis og fortel
  • Lotteri
  • Pause når kaffien er klar...
  • ...og kanskje spennande idear frå Sybutikken Primula Design?
Ta også med blokk til "dugnadsteppet" om du har det klart! Vi håpar at alle vil bidra med minst ei blokk.

Velkomne!

Ingen kommentarer: