
søndag 22. november 2009
fredag 20. november 2009
Ny Quilteblogg!
eit quiltelag i Mosjøen som har fått seg ny blogg. Sida dei hadde før er nedlagt.onsdag 7. oktober 2009
Søndagskurs!
No har vi fått ny dato for kurset med Randi Røys, dette kurset var tidlegare annonsert i september, men måtte avlysast.Den nye datoen er no søndag 8.november. Kurset varer frå 11-16 og er på Stokkenes Gjestegard.
Hittil er det i underkant av 10 påmelde, så dei som no er interesserte, må melde seg på snarast. Det er sett opp påmeldingsfrist 23.10!! Det er plass til ca 20 kursdeltakarar.
NB!NB!
Dette kurset vert også tilbode medlemmer i Gloppen lappe-og quilteklubb dersom det ikkje vert fullt av våre medlemmer som har førsteretten. Andre quiltarar kan også få plass om det er noko ledig. Dei må då ta kontakt med kursansvarleg Aslaug, tlf 97533623
(beklager uskarpt bilde)søndag 4. oktober 2009
Rykande ferske bilder!

Hilde inviterer til hyttetur!
(bildet er frå blåturen 2009 til Kalvåg og hytta til Hilde)Eg vil med dette invitere til ein sosial hyttetur for medlemmane i lappeklubben,
helga 23. – 25. oktober.
Hytta mi ligg på Liset, vest for Kalvåg, i Bremanger kommune.
Fredagen tilbringer vi på hytta med medbrakt handarbeid, god mat og god drikke. Laurdagen skal vi sy maritim handarbeidspose mellom kl 1100 og 1700 (har leigd eit lokale i Kalvåg).
Om kvelden et vi eit betre måltid på Knutholmen, og er sosiale til langt ut i dei små nattetimar. Søndagen et vi god frokost, skvaldrar og syr, før vi reiser heim utpå ettermiddagen ein gong.
Eg har plass til maks 10 personar + 3 personar i bobilen til Aud. Nokon får ligge i gode senger, medan andre blir installert på sofaer og madrassar. Sengetøy eller sovepose må du ta med.
Når det gjeld mat, så må dette bli eit spleiselag. Eg ordnar med planlegging og innkjøp, og gjestane betalar. Antar at ca kr 300 pr person burde holde + middagen på Knutholmen. (så kjem leige for sylokalet i Kalvåg i tillegg).
Til syinga på laurdagen må du ta med:
Symaskin, skjæreutstyr og vanlige sysaker
Ytterstoff 0,3 m
Fôrstoff 0.6 m
Vliselin 0.3 m
Bomullsvatt 0.4 m
Viledon 0,2 m
Rødt, blått og beige stoff 0,2 m av kvar
Velkommen til ei trivelig helg på hytta.
Håper at mange har lyst til å være med!
Påmelding seinast 12. oktober til Hilde Iren Elvebakke på tlf 915 58 367
tirsdag 29. september 2009
Oktobermøte

Slik ser klemmene ut før dei blir monterte i "syarbeidet".søndag 20. september 2009
Brummunddal,...har du vore der???




Helsing Mariann
torsdag 17. september 2009
Ein herlig blogg!
MATERIAL OBSESSION
Dette er ein australsk blogg og er egentlig ein firma/butikkblogg. Men dei brukar så utruleg mange lyse og lekre fargar at dette er å sjå på som ein "GLADBLOGG"!!!
Nyt også alle dei artige designa dei brukar! Så det er langt fram til vi har prøvd alt!!

Og no når det går mot vinter hos oss, så blir det sommar hos dei!!!! Då har vi noko å sjå fram til når vi sit her nord i mørketida!!
Dei har også gitt ut to bøker, Material Obsession 1 og 2, den siste av dei har eg kjøpt. Det er ei kjempeflott bok med mønster og mange gode bilder. Ei kosebok! Har sett den i nettbutikken hos Northern Quilts (fann den ikkje i butikken der i dag), men eg har kjøpt mi hos Capris.
Helsing Mariannlørdag 12. september 2009
Lyst på kurs?
Dei er også arrangørar av kurs av ulikt slag.
Primula har mange 3-timarskurs på kveldstid, meir som "drop in", på Stårheim skule. Sjå i bloggen hennar etter annonsering.
Ho sel ma. Bernina symaskiner og annonserer også no med eit Bernina-kurs:
NYTT BERNINAKURS MED MARIT FRÅ BERNINA 23-24 OKT PÅMELDING 57861395

Den andre butikken er Lappestua v/Siv Smørdal
Ho sel Janome symaskiner og helga 26. -27. sept arrangerer ho kurs for kundar som har kjøpt maskin med henne (Ho opnar også opp for at andre som ikkje har kjøpt maskin av henne òg kan få plass). Kurset er ved Patricia Iden og er laga til for elektroniske maskiner, med spesiell tanke på Janome 6600. På dette kurset skal ein sy eit trekk til symaskina der ein får bruke mange av finessane ved maskina.
Kurset kan òg tilpassast andre Janomemaskiner, så er du interessert i å vite om der er plass, ringer du Siv på 91531479
Oppdatering:(3 ledige plassar pr i dag 14.9)
fredag 11. september 2009
Feriebesøk hos Quiltespesialisten
No når det regnar som verst her i vest, så er det godt å ha gode ferieminner å mimre litt om. Nestleiar og bloggredaktør Mariann viser her litt inspirasjon frå aust!Minner om sol og varme dagar gjer godt, men også å kunne hente fram att bilda frå eit besøk i ein koselig butikk på Lillehammer, Quiltespesialisten. Ei blid dame bak disken, ho både sydde modellar og heldt kurs, så kanskje vi kan invitere henne vestover til litt regnver ein gong......



















































Desse er henta fra 







