søndag 23. januar 2011

Juleavslutning 2010

Juleavslutning på tradisjonelt vis,...med mykje god mat og koselig småarbeid.Dei ansvarlege hadde dekka på med nydelige småquiltar som bordpynt. Mariann og Torunn var ansvarlege for aktiviteten. Mariann hadde førebudd sying av julepynt i filt, og Torunn viste eit superlett hjerte sydd på forsvinningsplast.
Siv i Lappestua hadde med seg eit utruleg utval av flotte dekorband.






Buggy Barn stjerne som vart til eit stort teppe!

Pute frå Nostalgi- kurset i haust.




Frå kurset med George Siciliano i august 2010.


Måtte berre vise denne praktiske sjal-katten!!











Beklager dei mange utydelige bilda, men medlemmane er så aktive.........





























Siv viste enkel og rask sying av forkle av koppehandkle.

onsdag 19. januar 2011

Buggy Barn nr 2


Det blir ny runde med det kjekke onsdagskurset med tema Buggy Barn-stjerne. Vi hadde eit liknande kurs i haust der mange deltok, no viser det seg at endå fleire har lyst å lære denne teknikken.
Det er ein "stable-skjære-bytte om -teknikk" og stjerna er enkel å få til. Når ein kan dette, så har ein lært nok til å prøve seg på andre mønster òg.
Klubben har kjøpt inn mønsterbøker, så muligheten for å lage mykje spennande seinare, er tilstades. På klubbmøtet i mars vil Randi Røys vise oss sommarfuglblokka som ho har prøvd ut.


KURSET:
Onsdag 9. Februar kl. 18-22 på Stokkenes Gjestegard, blir det Buggy Barn kurs i stjerna med Elin Torvik Grov. Dei som ikkje hadde mulighet til å gå sist, har no sjansen!
Påmelding til Aslaug innen 1. Februar, TLF 97 53 36 23.

Gode tips

På bloggen til Northern Quilts er det gode tips om bruk av vatt. Sjå HER.
Bildet er frå bloggen til Northern quilts.

lørdag 1. januar 2011

Nytt år og nye idear?

Så er festen over, med både mykje mat og kos, og sikkert mykje arbeid utført av mor i huset. Skal tru om nokon har fått tid til litt quilting eller kos med eit lite stitchery??

Viss ikkje så er det tid for årets første lovlege kvilestund i lag med likesinna!! Allereie no tysdag 4.1. så er det quiltemøte, denne gongen er det Quiltekafe med mat, prat, kos og Vis og fortell.


Temaet denne gongen er bakehandkle/pyntehandkle, så om nokon har flotte eksemplar heime, så set vi pris på å få sjå dei.

Du vil òg få eit par mønster, så om du ikkje har eit syarbeid liggande klart til møtet, så kan du ta med:


  • Kvit lerret til å sy på (men heilt ok med andre fargar òg!)

  • Moulinegarn eller likn.

  • Penn /tusj til å tegne på mønster

  • Broderiramme

Då ynskjer styret alle velkomne til årets første treff på Stokkenes gjestegard.