lørdag 29. desember 2012
fredag 28. desember 2012
Oktobermøte 2012
Solfrid er ekspert i å lage glidelåsblomster!
Haldis har sydd dette teppet, stoffa er frå eit stofflotteri ho vann då klubben besøkte quilteklubben på Nesbyen for ein del år sidan.
Desse to veskene er etter mønsteret til AnnaKa, Anna skulderveske. ei god veske seier dei to eigarane!
Haldis har sydd denne veska. Mønsteret er fra myQuilt nr 04/2011. Veldig enkel uten lommer inni, quiltinga av stoffet vart det største arbeidet, seier Haldis. Mønsteret heiter "Safari 2".
Haldis har sydd dette teppet, stoffa er frå eit stofflotteri ho vann då klubben besøkte quilteklubben på Nesbyen for ein del år sidan.
Haldis har sydd denne veska. Mønsteret er fra myQuilt nr 04/2011. Veldig enkel uten lommer inni, quiltinga av stoffet vart det største arbeidet, seier Haldis. Mønsteret heiter "Safari 2".
søndag 2. desember 2012
Desembermøte!
Det er utruleg nok tid for julemøte i NLQ!! Komande tysdag 4.12 kjem de til julepynta lokale der vi møtest til god mat, mykje prat og kjekt handarbeid!
Husk å ta med noko til Vis og fortel, spesielt viss de har laga noko fint som de skal gje bort i julegåve! ......for det får vi vel ikkje sjå etter jul? Og kanskje er det nokon som treng tips til å sy noko fint til julegåver, det er enno litt tid att til sying!
Då ynskjer vi alle som har tid, velkomne til eit koseleg julemøte!
Eit flott Presangteppe til inspirasjon, og brodert merkelapp men reinsdyrknapp. Desse to bilda er frå bloggen Precious Time, kjekt å finne slike fine tips!
søndag 11. november 2012
Onsdagskurs!
Onsdag 14.11 vert det julekurs!! Kurset vi skulle ha 7.11 vart desverre avlyst, så dette er det same kurset med ny dato.
Siv vert kursleiar og ho legg opp til at det kan syast mange ulike modellar. Vi kan få lære å sy på Rasterquick, fine løparar i applikasjon, bargello og Ved-stabel-teknikk.
Her er vin-nissar, enkle forkle og det dukkar truleg opp nokre modellar til på kurset.
Kurset vert kl 18-22 på Stokkenes Gjestegard og det er påmelding til Siv på 91531479.
Pris for kurset for medlemmane er sendt på epost , og ta med deg mat og drikke for kvelden!
Då håper vi mange melder seg på, for dette vert nok ein kveld med førjulsstemning!
Bargelloløper! Desse er berre nydelige og veldig kjekke å lage, både smale og breie. Dei som har laga slike før, må ta med sine til inspirasjon. Klikk også på Bargello under Etikettar på høgresida på bloggen, då finn de eksempel på kor flott denne teknikken er. Sjå også HER på bilder frå Nesbyen Quiltelag, her er det laga enkle og smale løparar i bargello, og dette er virkeleg flotte løparar! Og ikkje minst kjekke å lage.
Stjerne sydd på Quick-smart, enkel og rask teknikk!
Enkle forkle, fine gåver til å gje bort til ein julekokk! Og Snømann-grytelappar!
Denne løparen heiter Rudolf, den er fin både til jul og som heilårsløpar, alt etter kva fargar du vel
Vinnisse! Og applikert Peparkakehandkle! Enkel gåve til dei som har alt!
Denne stjerna er sydd på Rasterquick, dette er enkelt og blir aldri feil!!

Og her kjem det beste til slutt, nydelige løparar i Vedstabelteknikk! Dette må nok prøvast ut meir!
torsdag 8. november 2012
Stjerne!
Eit lite stjernetips! Det er snart på tide å tenkje på litt småpynt til jul, og bloggred. kom over denne enkle stjerna på den australske bloggen A spoonful of sugar. Bloggen er driven av mor og datter som bur i Perth, og dei viser mykje fint på bloggen sin.
På eit innlegg i bloggen deira i dag, har dei lagt ut oppskrift/tutorial på denne stjerna som dei har kalla Gingham stars. Ei fin stjerne til julepynten, men like gjerne kan den brukast som dekor året rundt, alt etter kva fargar du vel på stoffet!

onsdag 7. november 2012
Ein draum av ei kake!!
Denne kaka gjorde det godt på siste klubbmøtet, så godt at det vart spurt etter oppskrifta. Og som vanleg så får bloggred. ja frå bakaren, så mange takk til Laila B for at ho deler med oss.

Gul krem:

Her er oppskrifta:
LAILAS GODE FRUKTKAKE
4 eggekviter
3 dl sukker
250 g malte mandlar
Steik på nederste rille v/175 gr i 30 min. 26 cm form.
Gul krem:
4 eggeplommer
100 g sukker
1 dl fløyte
1 ts vaniljesukker
Bland alt og kok opp på svak varme.
Den gule kremen skal leggast på marengsbotnen der den skal stivne.
1 pl lys kokesjokolade smeltast i vannbad, dette skal leggast opp på den gule kremen.
1 pk fløyte vispast til krem og ha den på laget med sjokolade når det er blitt kaldt.
Pynt med friske bær, her er det brukt hermetiske mandariner, jordbær og kiwi.
"Oss sydamer imellom"
"Oss sydamer imellom" er namnet på ei ny Facebook-gruppe som er oppretta av Siv. Bloggen hennar heiter også Siv og ho er flittig med symaskina. HER kjem du rett til innlegget der ho skriv om denne gruppa.
Denne gruppen er i all hovedsak opprettet for at vi sydamer skal kunne diskutere priser på de hjemmelagde produktene vi skal selge.
Kari-Anne Aarvåg er administrator av gruppa og beskriv den slik:
Denne gruppen er i all hovedsak opprettet for at vi sydamer skal kunne diskutere priser på de hjemmelagde produktene vi skal selge.
Det er også rom for å dele tips, gi råd, spørre, ja; rett og slett dele det man måtte ha på hjertet når det gjelder sying.
Dette skal bli ei lukka gruppe og er gratis å bli med i. Gå inn på sida og meld deg inn om du har lyst til å være med!!
mandag 5. november 2012
Novembermøte!
Det er november og få veker att til juleførebuingane set inn for fullt. Då passar det godt med denne nydelige teksten på kalenderblokka som Randi R har sydd:
Der et hjem smykkes med kjærlighet
kommer all annen pynt i annen rekke!
Mønsteret vert sendt til medlemmane på epost seinare.
I morgon tysdag 6.11 er det klubbmøte igjen, og som kjent vert det delt ut eit nytt Baltimoremønster. Ta med sysaker til handsaum, enten du vil byrje på eit nytt mønster eller om du har eitt du held på med. Det viktigaste er at du har med deg noko som du trivst med! Og som kan inspirere oss andre!
Det vert også informasjon om onsdagskurset 7.11 v/Siv. Det vert påmelding til kurset og vi får info om kva vi kan lage.
Minner også om at de må ta med det som skal til juleutstillinga på Didriks.
Abonner på:
Innlegg (Atom)