torsdag 13. september 2018

Bilder frå septembermøtet!

Mykje fint å sjå på sesongåpninga vår!



 Dette nettet var sydd av ei gammal kåpe, med originallommar på!!









Vi hadde oppfordra medlemmane til å ta med handlenett, og det vart ei flott samling av ulike nett, nokre gammal årgang og andre nylige. Her var også innslag av kreative gjenbruk, så akkurat det er noko vi må bli flinkare til!!
















Sjå på dette vakre kunstverket, gammalt og nytt i flott montasje!











 Dette er Denver-veska, veldig populær i Sverige!! Og veldig anvendelig modell!
























Takk til matvertane for god servering til kaffepausen!







søndag 2. september 2018

Velkommen til møte igjen!

Hausten er komen og vi ynskjer alle gamle og nye medlemmer velkomne til møte tysdag 4. sept kl 18.30!

På agendaen denne kvelden har vi:

"Vis oss ditt handlenett"! 
  • Trenden no er fokus på "grønt miljø", gjenbruk og å ikkje bruke plast! 
  • Her håpar vi at om du har eit  handlenett som er heimelaga enten av deg eller andre, ta det med og inspirer oss andre! 
  • Det må slett ikkje være eit avansert nett for å vise det fram, det enkle er ofte det beste!
  • Har du eit mønster du vil dele, så ta det med! Elles så kan vi ta mål og notere oss idear av det som vert vist fram. 
  • Om nokon ynskjer det, er det høve til å ha med seg symaskin og sy medan inspirasjonen er på topp!!



Bildet er frå sida til Fiberandart, her finn du også linker og tips til mønster og framgangsmåter.


Det vert også "Lappeloppis" denne kvelden!

  • Om du har rydda på syrommet og vil kvitte deg med noko, er det høve til å ta det med og selge det denne kvelden.
  • Det du har med må være relatert til quilting/stoff/saum/brodering ol.
  • Det er lurt å merke med prisar på det du har med, gjerne med namn også så vi ser kven som skal ha betaling! 
  • Om du har Vipps, så skriv nr på ein lapp!

Det vert også:
  • Info om hausten program
  • Vis og fortel
  • Lotteri
  • Høve til å kjøpe "siste nytt" av stoff og utstyr i butikk!

Velkommen til møte!




mandag 27. august 2018

Ei flott syhelg er over!!

Kjekke ting går altfor fort, det gjorde syhelga vår også!



Vi kosa oss kvart minutt av helga, både i alle våre hytter, hotellrom og campingvogner/bobilar, og i lokala på Øyberg seter. Vi sydde både før mat og etter mat, ja nokre sydde laurdagskvelden til den nesten var slutt! Alt det kjekke sosiale vi har i lag når vi samlast er berre utruleg kjekt, og vi snakka om "neste gong",....ja så kjekt hadde vi det at dette ville vi ha meir av!


Når vi no endeleg var tilbake her på Øyberg, ja så måtte underteikna til å mimre litt på bloggen, for var det ikkje i 2007 vi var på Øyberg sist?? Ganske riktig, bloggen vår vart oppretta i 2007 og det 10. innlegget var akkurat om kurset vi hadde på Øyberg ved Siv Smørdal! Så gode minner og gode erfaringar frå den gongen, gjorde at vi no tok turen igjen! 


HER finn du innlegget frå 2007!

Tema for kurset denne gongen var lære litt om å sy kurver med den minste Curveslinjalen. Ingun hadde laga fleire modellar, vi sydde litt forskjellig og Ingun gav råd ut frå eigne erfaringar med linjalen. Nye utfordringar kom, og løysingar vart funne. Kjekt med slike kurs!!

Her er ein bildeserie frå helga:



 Fuglar under arbeid!

Modellen til venstre har kursleiar Ingun laga.







....og ein sydde på andre ting også, fin kuvertbrikke her!



 Her er litt bilder av korleis delane til solsikke vart kutta.

 Sjå den stipla linja ytterst på sidene, og plassering av buen, klart for skjæring her!!








 Reinskjæring!




 Inguns modell over og under! Mange laga den under også, flott effekt med mange stoff!


Andre buar vart også prøvd ut, skal bli spennande å sjå dette resultatet!








Vi hadde utruleg god mat som vanleg,...korgafest gjev alltid flott resultat, sjå bilda under!




Så kom laurdagskvelden!
Då skulle vi ha festmat, og vi hadde bestilt koldtbord hos Mogard på Bismo. Eit slikt flott koldtbord har vi ikkje hatt nokon gong før, her var det lokal mat av elg,  Mogards pølser og skinke av utegåande gris, salater og lokalt brød! Og i store mengder! Vi som var så mette av vår eigen lunsj, sette oss til bords og hadde eit festmåltid. Denne leverandøren kan berre anbefalast på det sterkaste!




Ei så flott helg med kjekk hobby inne og nydelig natur ute, ja den lever vi på lenge!
Takk til alle som var der og gjorde helga til ei alle tiders oppleving!

......og slik var søndagsmorgonen  på ei av hyttene før kurset starta!

-Mariann-

torsdag 23. august 2018

No blir det syhelg i fjellheimen!!

Det er like før avreise til syhelga vår på Strynefjellet, vi pakker med oss alt vi treng og litt til!! Det blir nok både stoff og god mat som kjem i bagasjen vår!!


Køyr pent!

Dette skal bli ei kjekk helg! Ei syhelg på Øyberg seter i lag med syvenner, god mat og god prat! Kan det bli betre??


Her er du snart framme, Øyberg seter ligg rett ned den lange bakken!

Litt info om programmet for helga :

Laurdag 25.8:
  • 10.00 : Dørene opnar og vi kan installere oss i kurslokalet. Ta med deg skøyteledning/kabeltrommel om du har.
  • 10.00-11.00: Vi lagar oss ein kaffetår og noko lite attåt før kursstart!
  • 11.00: Info og kursstart v/Ingun Vaksdal, "Curveslinjal", stor og liten.
  • 13.00-14.00: Lunsj
  • 14.00-16.00: Kurset fortset
  • 17.00: Opprydding og vi gjer klar til koldtbord.
  • 18.00: Fellesmåltid med koldtbord. Vi fortset kvelden så lenge ein ynskjer før ein trekkjer seg tilbake til hotell, hytter, bobiler og campingvogner! 
Søndag 26.8:
  • 10.30-13.30: Kurset fortset
  • ca 12.00 treng vi vel litt kaffi???
  • 13.30-14.00 Opprydding av lokalet
  • 14.00: Lunsj med restefest av kaker!!
  • Heimreise når vi er klare for det, gode og mette og klare for å sy meir heime!!
Husk å betale egenandel før du reiser! Alle må òg ta med drikke til eige bruk!! :)

Velkommen til alle 17 medlemmer som no vil få ei flott helg i høgfjellet!