onsdag 17. august 2011

Snart Låvemesse!!


Minner alle medlemmar om at tysdag 30.aug startar vi opp igjen med aktivitet i klubben vår.
Då møtest vi i Leivdalen hos Aslaug kl 18.30 og startar med å førebu det vi kan til Låvemessa som er helga etter.

Styret i arrangementet hadde møte tysdag 16.8, og det meste er no klart. Aslaug har gjort ein fantastisk god jobb så langt, så no håper vi at så mange som råd av medlemmane vil møte opp denne kvelden.
Mykje info er allereie sendt ut på epost/brev tidlegare, men det vert no høve til å sjå området og få ein grundig gjennomgang av korleis dette arrangementet skal gå føre seg. Om alle yter sitt, så vert nok dette eit spennande og kjekt prosjekt.
Vi har fått eit flott og variert utval av utstillarar til messa, så her vert det berre kvalitetsvarer å få kjøpt! Det er berre å gle seg!!

OBS! OBS!
Når det gjeld gevinstar til lotteriet, så treng vi snarast å få dei levert eller registrert. Dersom nokon ynskjer å levere til Lappestua (Siv), så er det innleveringsfrist der 24.8. Etter denne datoen vert ho bortreist. Då må gevinstane leverast på møtet den 30.8.

Det vert kaffi/te på møtet, anna å bite i tek kvar med til seg sjølv denne gongen.

lørdag 6. august 2011

Ferien over??

Så er vel ferien over for mange av oss? Då er det vel på tide å ta fram att noko å pusle litt med, litt oppvarming! På siste møtet før sommaren hadde vi om hexagon, små lappar som vi kunne sy for hand og setje saman til små eller store produkt.

Dette bildet over fann eg på bloggen Simple Pleasures, her er ein fin ide til å lage små arbeid om til store på kort tid! Ved å montere ei lita hexagon-blokk på eit stoff, så kan dette fort syast saman på maskin. Faktisk ganske fint også, for kontrasten i fargane gjer at forma på hexagon kjem godt fram.

På haustens første klubbmøte håpar vi at nokon har med seg eit "hexagon-produkt" frå sommaren å vise fram. Vi skal også ta føre oss eit lite hexagon-arbeid.......

fredag 1. juli 2011

"Blåkurs" med Magnhild Tautra

Blåturkomiteen hadde noko BLÅTT på lur, vi visste det var eit kurs, men ikkje kva! Magnhild Tautra hadde teke på seg å vise oss noko med handsaum, og ho hadde laga til 2 spennande prosjekt.


Stofforigami kan vi kalle dette, ei form for japansk bretteteknikk. Vi hadde fått beskjed om å ta med oss vrangsydde lappar etter eit visst mål, og her er det vi fekk til. Ser innvikla ut, men ikkje vanskeleg når vi forstod det heile!Frå denne boka er teknikken henta. Store blomster, eller kjempe Yo-Yo!





Enkelt å lage og effektfullt med mange i lag.






Flotte lokaler i skulen i Tresfjord! Her møtte vi 7 quiltedamer frå Vestnes! Vi hadde også "Vis og fotell" for kvarandre, det kjem i eit anna innlegg.




Magnhild hgadde laga dette teppet og eit anna med 4 x 5 blokker, dekorativt! (Bildet kjem seinare)


Den blå reisa del 2

Årets blåtur gjekk til Vikebukt i Vestnes kommune, der Haldis hadde invitert oss til garden der ho har vakse opp. Turen varte frå fredag til søndag, og då hadde ho ordna med overnattingsplassar i 3 hus som alle hadde tilknytning til garden og låg nær kvarandre. Utruleg flott opplegg! Haldis og Elna hadde planlagt godt for denne blåturen, dei rekna ikkje med sommarlege dagar, så eit langt partytelt var sett opp på gardstunet.


Fredag kveld var det grillmat til kvelds, i dette flott pynta teltet med fine quiltar og lys.


I dette teltet åt vi også frukostane i lag både laurdag og søndag.







Utsikt frå loftglaset i det raude eldhuset. Her går sola ned bak Moldefjella.




På loftet på Eldhuset var det ei lita leilighet med kjøkken, stove og 2 soverom. Her i stova kosa vi oss der vi sat tett i tett. 12 stk var vi, og alle fekk plass!


På Vikesetra har familien til Haldis denne hytta.


Sjå kor flott utsikt! Her kan ein virkelig dra pusten og nyte alt rundt seg! Rett over fjorden her ligg Molde.

Haldis og Ingun. I bakgrunnen her ligg Vestnes med Tomrefjorden lengst bak.


Søndag ettermiddag etter ein lang fjelltur på setra, var det restefest-lunsj!


Foreldra til Haldis var i lag med oss søndag ettermiddag, dei spanderte marsipankake på oss til kaffien, den var nydeleg!




Utsikt frå garden mot Vestnes.

Gardstunet der teltet stod. Her er vi i full sving med å ta ned teltet, og det tok ikkje lang tid å rydde opp når vi var så mange flittige maurar!



Før avreisa var underteikna ned i strandkanten og kika, eit fint område med vidt utsyn mot Moldefjorden og Vestnes.

Takk for at vi fekk komme til denne nydelege plassen Haldis! Og takk til både Haldis og Elna for ein godt organisert blåtur!

torsdag 30. juni 2011

Den BLÅ reisa!

Ein liten forsmak av det blå, for desse bilda er frå mobilen, difor SÅ blå! Meir bilder kjem snart.



Frå ferjekaia i Liabygda ved heimreisa søndag.



tirsdag 28. juni 2011

Nydelige hexagon-blokker




Må berre få vise dykk at det er mange som syr hexagonlappar! Geta i Romania har laga desse flotte blomsterblokkene. Ho skriv i bloggen sin at quilting ikkje er så kjent i hennar land, så ho gledar seg over alt det fine ho finn på internett.
(bilda er frå Getas blogg)

HER er link rett til innlegget om hexagonlappane.

Andre innlegg finn du HER og HER og HER


No håpar eg at det er mange klubbmedlemmer som sit og kosar seg med handsaum av små eller store hexagonblokker! Og husk å lage til så du har med deg i veska di om du skal ut på ei reise i sommar!

onsdag 22. juni 2011

Eit lite quilteeventyr.....

Vi quiltarar har det ofte eventyrleg, vi reiser i opplevingar og flotte synsintrykk. Og når vi finn fine stoff i quiltebutikkar, så kjøper vi dei ofte impulsivt, for vi er akkurat som Askeladden som seier "Eg fann , eg fann!" og til seg sjølv: "Det er kjekt å ha, det kan komme vel med ein gong..." Men innimellom når ein tenkjer litt attende over ting som har skjedd, så er vi ofte med å skape våre eigne eventyr.
I siste nr av Norsk Quilteblad s 44 finn de eit lite eventyr frå virkeligheita, skrive av underteikna. Før nyttår fekk klubben vår ei henvending frå Norsk quilteforbund om vi ville skrive litt om prosjektet vi hadde gåande i klubben med Kalenderblokker og Kalenderbloggen vår. Vi tok imot utfordringa og sende inn tekst og bilder av arbeid som medlemmane har laga. No er dette kome på trykk og fine bilder er sett inn på sidene. Det er Elna som har laga dei 12 blokkene over teksten, dei 4 andre har eg ikkje eigarnamn på enno.(ta kontakt om eg skal setje inn namnet ditt) Så takk til alle medlemmane som engasjerte seg og deltok, og viste fine arbeid til fotografen. Eg tek gjerne imot fleire bilder av blokker som eg kan legge ut på Kalenderbloggen!
Teksten til eventyret skal eg også legge ut der, slik at dei som ikkje har bladet, får lese eventyret om oss! HER er link til teksten.

tirsdag 21. juni 2011

Nedtelling til blåtur!

No kan vi snart berre telje timar til årets blåtur startar, fredag 24.6! Om tre dagar, eller under 100 timar, ja så er mange av medlemmane i klubben på reisefot! Med sovepose, kle for ei helg og nødvendig utstyr( det er sjølvsagt sysaker og noko handsaumsarbeid....) så legg vi i veg til målet vårt. Eitt av medlemmane i klubben vår er frå denne plassen som er blåturmålet: Vikebukt! I lag med eit anna medlem har ho laga til eit opplegg til denne helga. Noko av det som skal skje veit vi, men der er òg noko som er i det BLÅ, så dette skal bli spennande!

Og til dei som skal vere med på turen, husk fotoapparat, sovepose eller sengkle og elles må de lese på infoarket som dei to arrangørane har laga til.


Bilda er henta frå kartsøk på internett, eit vanleg kart over kvar Vikebukt er plassert i Møre og Romsdal, finn du HER.

Då ynskjer vi oss sjølve ein god tur nordover, bilder skal nok komme på bloggen i etterkant!

mandag 20. juni 2011

Eit lite kunstverk

På bloggen til Barbros lille atelier var denne kunstneriske fuglen. Enkel å sy , men veldig dekorativ på rett plass.

Motivet er brukt som dekor på veske eller som vist her, eit hjerte med fuglen som blikkfang. Enkelt men nydelig. Dette hjertet sel ho på nettbutikken sin, den finn du HER.


Om nokon har lyst til å sy noko liknande, så har ho lagt ut framgangsmåten steg for steg på eit innlegg, du finn det HER. Takk til Barbro for inspirasjonen.

søndag 19. juni 2011

Rose

Ved ei lita surferunde på bloggar til andre quiltelag, kom eg over mønster til denne nydelige rosa på bloggen til Sandefjord quiltelag. Takkar så mykje for eit fint tips!
Mønster til denne rosa som er laga av mange lyse og lett stoffrestar, finn du HER.

Viss det er nokon av medlemmane som lagar denne rosa i sommar, så send meg eit bilde av den og eg vil legge den ut på dette innlegget. Så om det er dårleg sommarver ute ein dag, så kan du pusle med roser innendørs!!