tirsdag 16. mai 2023

Hurra for 17. Mai!

 Det er 17. Mai i morgon og tid for fest og nasjonalfargar.

Mange har nok sydd seg fine løparar til akkurat denne dagen, og ekstra kjekt å pynte med noko ein har laga sjølv.

Både bloggredaktør og sikkert mange av lesarane har ikkje funne tid til å sy ein slik, så kanskje det kan bli i år?? Ein rekk nok ikkje å få den ferdig til borddekkinga i år, men det er kanskje ein ekstra inspirasjon å sy i desse raudt-kvitt-blått akkurat no!


Denne løparen er sydd av medlem Synnøve, SyOddny, teknikk som er brukt heiter Villblomst. 

Her er ein kort beskrivelse av framgangsmåten:

Dei store kvadrata er 3x3 inch og dei så kvadrata er 1,3/4 inch.

Dei små Firkantane bretter ein diagonalt/ skrått frå hjørne til hjørne, stryk. Brett ut igjen og legg dei små firkantane kant i kant i eine hjørnet på dei store firkantane. Syr i bretten,legg over og stryk så ein får ein trekant i hjørnet.

Sømmon er 1/4 " . Legg ihop 4 firkanter med trekanthjørne og snur så ein får ei vindmølle. Syr så ihop blokkene til villblomster og slik ein vil ha duken.








Tusen takk til SyOddny for at ho deler mønster med oss!

Og for oss som bur på Vestlandet, så blir nasjonaldagen ein våt og kald dag, kanskje med snø ned i fjella, så då kan ein kanskje planlegge litt sying då eller dagen derpå!!

Legg inn link til Tove  som deler mønster med oss på nettet. Om fleire vil tipse om mønster, kan ein gjere det i kommentarfeltet på Facebooksida vår.

Tove Fevang har lagt ut mønster til denne! Link HER!


Fann dette bildet på Solfrids Quiltestove:



Torunns løper, tusenvis av biter!!

Teknikk: Den aller minste twister-linjalen, utgangspunkt kvadrat på 2,5 inch

Ha ein fin 17. mai alle syglade!!'




søndag 14. mai 2023

Basar til inntekt for Familehjelpen Ukraina!

Tirsdag 2. mai hadde vi basar på Stokkenes Gjestegard. Dette var også dagen for medlemsmøte, men vi hadde ope hus med god gammaldags basar.


I to veker etter påske har vi hatt loddsal på både Alti og Rema 1000 i Nordfjordeid sentrum, i tillegg til sal av lodd av medlemmar ute i kommunene der medlemmar bur. Vi har også hatt loddsal via Vipps.

2. mai var dagen komen for basarstemning der vi hadde gratis mat til frammøtte, åresal og til slutt trekning av utruleg mange og flotte gevinstar.

Vi hadde godt frammøte av lokale folk og ekstra kjekt at der også kom ei familie frå Ukraina som var med. Dei takka oss for engasjementet.





Tusen, tusen takk til alle som støtta opp om lotteriet/basaren vår, og vi kan glede 

Familiehjelpen Ukraina  

ved å oversende den flotte summen på kr 72000!!

Her er trekningslista:

Trekning Ukraina lotteriet
Nordfjord lappe og quilteklubb 2.5.23
15549 dekkeservietter Rakel Marie Leivdal Frislid.
5863 strikke veske Arne Hagen
2894 løper Oline Tangstad Hole.
6849 handkle Odd Frislid.
14686 strikke veske Anne Maren Takle.
14271 pledd Bjørg Melheim.
7976 puslespill Herdis Hanebrekke.
1997 forkle Elin Lund Hansen.
835 selbuvotter Susann Stavø Strand.
10390 løper Elise Marie Piel Høybakk.
7147 sitte underlag med drikkeflaske Turid Henden.
1415 toiletveske Heidi Starheim.
13343 handarbeidspose Sølvi Urke Høynes.
3798 løper Anne Åsebø.
5550 veggteppe Kari Englund.
9357 sekskantet duk Per Martin Sundet.
6459 barnetunika Kirsten Skoge.
8641 sminkepung Gunhild Seljenes Solheim.
10478 prosjekt veske Rigmor Kvalheim.
12576 løper May Kristin Seljenes.
10426 pulsvarmer Raymond Utnes Piel.
13381 kleklype pose Eiliv Berdal.
6347 barnebody Anne Britt Totland.
11239 traktor genser Alice Grodås.
4532 løper Eirik Myrstad.
4676 prosjektpose Randi Røys.
15002 barnegenser Inger Espe.
9775 boks m broderi May Elin limevåg.
4840 brikke Marit M Berge.
894 sekskanta brikke Dag Erik Eriksmoen.
8120 solsikke pute Anna - Margun Åland.
3526 toiletveske Phillip Fjørstad.
1358 strikkeveske Linda Iren Starheim.
3136 handkle Inger Johanne Brekke.
154 vegbillede Aud N. Saltkjel.
10991 duk Aud Leirvik.
3313 løper Liv Jensen Nesbakk.
7945 strikket sjal Torill Løviknes.
6776 toiletveske Ida Aarestrup Årnes.
12401 juleløper Anne Hansen.
8496 brikke Ruth Paulsen.
9585 strikke veske Anita Sellevold.
4021 prosjektpose May Kristin Seljenes
12337 brikke Reidun Starheimsseter.
7278 duk Kirsti Laila Lefdal
1071 pledd Inger Starheim.
1104 lys pute Wenche Iren Høynes.
5329 tovet flakeholder Solveig Åland.
6951 billede Sigve Muri
31 teppe Bodil Johnsen
10690 solsikke teppe Elna Aaning Olsen.
4995 blå løper Karin Nordvik.
5807 brikke Charlotte Carlson.
9842 billede Nina Sevaldsen.

lørdag 29. april 2023

Velkommen til basar på Stokkenes Gjestegard!

Tysdag 2. mai inviterer vi til ope hus på Stokkenes Gjestegard kl 18.30  med basar til inntekt for Ukraina! 

Vi ynskjer alle velkomne og håper på god gammaldags basarstemning. 



Dette teppet er hovedgevinsten, eit dugnadsteppe med blokker som medlemmer har sydd etter eigen ide, og profesjonelt quilta av Sølvi Quiltestudio.


Bilde frå loddsalet på Rema 1000

Vi har hatt mykje fin omtale i lokalavisene våre, og som før nemnt, så går all inntekt direkte til "Ukrainahjelpen".

 Klipp frå Fjordabladet.


Dørene opnar kl 18.30 og vi spander gratis  mat og kaffi på alle. 

Det vert åresal og framleis høve til å ta lodd på bok. Du kan bruke kontantar eller Vipps på basaren. Trekning vert rundt kl 20.30.

Vi har no hatt to veker med loddsal på Alti og Rema 1000 på Nordfjordeid i tillegg til loddsal via Vipps. Klubben takkar alle som har teke lodd hittil, det er ei god sak det er jobba for og medlemmane i klubben har lagt ned eit stort dugnadsarbeid både ved å lage gevinstane og å arrangere lotteri og basar. Vi har medlemmer i klubben frå Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre, og dei har også engasjert seg i loddsalet i sine område. Så takk til alle loddkjøparar frå Sunnfjord i sør til Ålesund og Sykkylven i nord, og til andre rundt i landet som har kjøpt lodd via Vipps/SMS!

Denne kvelden er også dagen for medlemsmøte i klubben, så då brukar det også å  være "Vis og fortel" der medlemmar viser fram sine eigne arbeid. Sidan denne kvelden er "ope hus", så håper vi at mange vil komme innom og sjå kva vi held på med i klubben vår, og kanskje har lyst til å være med vidare i klubben. Vi har rundt 50 medlemmer, men har alltid plass for fleire som vil "leike seg" med stoff og glade fargar!


Velkommen til alle!

mandag 3. april 2023

Velkommen til aprilmøtet!

 Det er påsketider, ferie for nokre, men vi køyrer etter oppsett plan med møte 1.tysdagen i månaden.

Då møtest vi på Stokkenes gjestegard i morgon 4.4 kl 18.30.

Tema denne kvelden er:

  • Diverse informasjon frå styret
  • Basarkomiteen: om basarveka og basar på maimøtet.
  • Torun viser lure sytips
  • Vis og fortel
  • Kanskje kjem Ingun med aktuelle varer?
  • Lotteri og kaffipause!
  • Velkomne!



  • Påskesying, ta med deg det du held på med! Stitchery? 
    Eller treng du noko å gjere, så ta med deg stoff i vårfargar, så blir du kanskje inspirert av andre! Eller av denne påskehøna?

Til denne treng du tynn papp, tynn vatt, limstift, hampesnøre eller tynt silkeband, passande stoff og sysaker.


Velkomne og God påske til dei som ikkje har høve til å møte!

lørdag 11. mars 2023

Eit vellukka årsmøte!

 Så er årets årsmøte vel i hamn! 

Med 25 frammøtte fekk vi gode diskusjonar i sakene våre og godkjende vedtak.

Blomster til avtroppande styremedlemmer.

Mest spennande var det med valet, der to gjekk ut av styret, og valnemnda hadde ikkje fått ja frå nokon på førehand. Men det ordna seg, og med stor applaus til dei som no går inn i styret!

Det nye styret ser slik ut:

  • Leiar                                                        Torunn Føllesdal Utnes
  • Nestleiar /sekretær                                   Mariann L Hatlenes
  • Kasserar                                                   Rigmor Kvalheim
  • Infoansvarleg                                           Asbjørg Bjørkedal
  • Kursansvarleg                                          Janne G Vatne
  • Materialforvalter/kursmedhjelper            Anne Marit R Daviknes
  • Styremedlem                                           Tove S Johnsen
Etter årsmøtet hadde vi felleslunsj med dei som skal fortsetje dagen med kurs ved Andre Wallenborg.




...og så vart det gjort klart for kurs, "Søm av sekk".


Velkommen til årsmøte!

Styret ønskjer medlemmane våre velkomne til årsmøte i dag kl 10. Vi håpar på godt frammøte og rask saksgang slik at kurset med Andre Wallenborg kjem i gang etter oppsett tid! Val tek alltid tid, så håper medlemmane våre er positive til å ta på seg verv!

Vi avsluttar årsmøtet med ein god lunsj! Vel møtt!


Snøen lavar ned så køyr forsiktig!






mandag 6. mars 2023

Velkommen til marsmøtet!

 Det er tid for å møtast igjen, og i morgon 7.3  har vi langdag og starter  kl 12.

Det vert felles jobbing med å klargjere lotteriteppet og evt quilting av mindre ting.


Ta elles med det du vil sy på og niste. 

Vanleg klubbmøte starter kl 18.30 med dette innholdet:

  • Informasjon frå styret
  • Informasjon frå lotterinemda
  • Tema for kvelden v/Rigmor: Snedig sak!!
  • Kaffipause
  • Lotteri
  • Vis og fortel
Minner om innlevering av gevinstar til "Ukraina-lotteriet",....og det kjem ein journalist frå Fjordabladet for å ta bilder i samband med at vi arrangerer lotteri/basar!!

Vel møtt!

Bilder frå februarmøtet!

 


Mykje flott å sjå på Vis og fortel!

Vi held på med dugnadsteppe med tema solsikker.





Dette skal loddast ut no etter påske der all inntekt skal gå til Ukraina.








Frå kurset "Pølseveske"


Primula Design hadde med nye varer frå butikken.




































Takk til matvertane for god kaffimat!