torsdag 9. mai 2013

Drivhusmesse med fantastisk lotteri!

Vi har i to år hatt stor suksess med Låvemesse i Leivdalen. No prøver vi oss med noko nytt, DRIVHUSMESSE!!
Under Eidamessa 13-15 september kjem vi til å ha salsutstilling, lotteri og kafe i eitt av drivhusa til Hildenes Gartneri.  Her er vi garantert godt klima og opphaldsver, og vi stiller igjen med mykje flott handverk! Mange av medlemmane er i gang med produksjonen, og i løpet av sommaren vert det nok skapt mykje meir!

Vi skal som nemnt ha eit stort lotteri som vi snart er i gang med. Nokre av medlemmane vil få med seg lotteribok  på neste møte (som er blåturen). Då har dei høve til å selje lodd til sambygdingar på nokre av dei flotte gevinstane vi vil ha, bla. ei dukke med stor klekolleksjon og eit bilteppe med mange leikebilar i! Vi kjem til å selje lodd under Eidamessa og på Mega veka etterpå.

Medlemmane har både sydd og strikka til ei Baby Born dukke, og på klubbmøtet no i mai hadde vi Dukke-catwalk!
Her er  nokre bilder av kle og utstyr  som er komne inn hittil:



 Eit skikkeleg regntøysett !






 Eit teppe med fleece innside som kan brettast til ein babypose, vert festa saman med ein stor knapp.
 Eit stort teppe med hjerter vert ein av hovedgevinstane, kjempeflott!
Så ein kan nok berre gle seg til dette lotteriet! Gjer dette kjent rundt om, for her vert det mange flotte gevinstar!




Ingen kommentarer: