mandag 29. september 2014

Bokstavquilt!

Om du har lyst til å lage ein annleis quilt, så finn du denne ideen på bloggen til Temecula quilt company.




Her er det ein"Alfabet-Tutorial" som går over tid, for kvar onsdag og søndag vert det lagt ut  nye bokstavar. HER kjem du rett til dei bokstavane som er komt ut hittil.  Elles kan du søke på etiketten "little letters" på bloggen.


Eit overkomeleg tempo må ein vel seie! Dette starta opp 7. september, så du rekk å henge med! Som du sikkert har sett, så er dette det engelske alfabetet, så då må du avslutte det norske alfabetet sjølv!

Quiltaren Den syende himmel syr desse blokkene, så følg med der også!

Ingen kommentarer: