fredag 26. september 2014

Kurs med Bente Malm!

Haust er kurstid, og no kjem kurs nr. 2 denne hausten.

Kurshelga er 24. til 26. oktober på Stokkenes Gjestegard, Nordfjordeid. Då kjem Bente Malm og lagar til eit flott kursopplegg! Her får du både i pose og sekk, for vi har fått henne til å holde 2 ulike kurs på ei helg!

Kurshelga startar  fredag 24.10 kl 18-21 med "Småting for sydamen".

 (Bilda er Bente Malm sine kursbilder)


Dette kurset fortset laurdag kl 11-16.

Bente skriv dette i bloggen sin: Små, nyttige ting til sysakene våre. Kombinert håndsøm og maskinsøm. Delene er dekorert med engelsk papirsøm (1/2" hexagon) og yo-yo'er. 

Som de ser på bilda, så er små Hexagon ein del av dekoren. Dei som melder seg på kurset, vil få tilsendt info om desse små hexagon slik at einkan sy desse heime før kurset! Bente sender oss info om dette slik at vi får sydd ferdig fleire av desse småtinga på kurset!

Søndag er det kurs kl 9.00-16.30. Då handlar kurset om Tri Recs linjalen. Dette er ein linjal med utruleg mange moglegheiter, du kan lage alt frå enkle mønster til meir samansette.

TriRecs-linjalen
Som det står inne på bildet her; "Triangle in a square", så handlar dette om å lage trekantar i ein firkant!


Her er litt bilder henta frå søk på Google:





Bente har nok halde mange kurs med denne populære men enkle linjalen, på bildet under ser du flotte blokker som vart laga på kurs hos Haugtussa quiltelag. Fleire bilder frå kurset finn du her:


Påmeldinga kan ta til allereie no til Ingun. Kontakt henne på tlf 99482474, på butikken Primula Design eller på epost ingun.svanhild.vaksdal@gmail.com
Det vert også høve til påmelding på neste klubbmøte 7.10.

Ingen kommentarer: