søndag 28. september 2014

"Lemoyne Star"-kurs

Søndag 21.9 arrangerte vi eit dagskurs der vi fekk lære bruken av "Lemoyne-Star"-linjalen.


Vi var mange spente på korleis vi skulle bruke denne linjalen, og om den var så  god som ryktet sa. Kort fortalt så var det berre fornøgde kursdeltakarar å sjå, for her dukka den eine perfekte stjerna etter den andre opp. Kursholder Ingun Vaksdal hadde laga gode modellar og med ei enkel forklaring på "Flipover"og vising av teknikken, så var det ikkje vanskeleg å få til desse stjernene.



Her er det skråskjæring, 1. steg med linjalen.
Her er det finskjæring av ein del til stjerna.

Det vart laga stjerner i alle valørar og størrelsar. Vi håpar på å fjå sjå nokre ferdige arbeid på neste klubbmøte!














Ingen kommentarer: