onsdag 10. september 2014

Kurs "Lemoyne Star".

Sysesongen er i gang og no nærmar det seg haustens første kurs i klubben, "Lemoyne Star" v/Ingun Vaksdal.

Dette er ein 1-dags kurs søndag 21. sept. og her får vi lære å bruke linjalen til "Lemoyne Star".
Denne linjalen er enkel i bruk, og vi kan lage perfekte stjerner i fleire ulike storleikar. Bildet under her viser alt frå små til store stjerner den same linjalen kan brukast til.


 Denne enkle stjerna går nok aldri av moten, og det er dei utallige kombinasjonane som gjer denne så brukbar!
Veggtepper, store tepper, bilder, løparar i fargar til alle høgtider,....


(alle bilda er henta frå DENNE adressa på Pinterest)

Påmeldinga til kurset er i gang, men vi har ledige plassar  om det er fleire av medlemmane som no vil vere med. Ta i så fall kontakt med Ingun innan måndag 15.9. Om det då er ledige plassar att då, kan andre som ikkje er medlemmar, få plass. 

Ingen kommentarer: