fredag 14. september 2012

Den gode sjokoladekaka frå Elisabeth!

På klubbmøtet no i september hadde Elisabeth med ei sjokoladekake som fall i smak hos mange, og det var spørsmål etter oppskrifta.
Det er så flott at medlemmer deler gode oppskrifter med oss, så tusen takk til deg Elisabeth.

SJOKOLADEKAKE  med kefir

1l kefir
1ss natron
6 1/2 dl sukker
3-4 ss kakao
10 dl kveitemjøl
150 g smelta smør

Dette er til ei stor langpanne.. Steikast nederst i ovnen v/175 gr i 30 min.

GLASUR
Smelt 200 g smør og 1 pl kokesjokolade over svak varme. Rør i 500 g melis, 3 ts vaniljesukker og 2 ss kaffi. Til slutt tilset du 1 egg, då blir glasuren blank og glatt!


EPLEKAKE frå Elna


3 egg
3 1/2 dl sukker
4 1/2 dl mjøl
1 1/2 dl melk
1 1/2 ts bakepulver
5-6 eple

Rund form 24 cm.
Om du doblar oppskrifta så passar den i langpanne.

Steik v/180 gr midt i ovnen i ca 45 min, men sjekk kaka etter 30 min!!

tirsdag 11. september 2012

Snart kurs!

.
(bildet har ikkje noko med kurset å gjere med det vi veit no)


Denne søte gjengen varslar om at det er snart kurs i klubben. Siste helga i september, 28-30 sept er det kurs v/Siv Smørdal. Temaet er JUL, kva som kan lagast kjem vi tilbake til. Men i følge Siv så legg ho opp til fleire ting vi kan lage. Det vert truleg også mogleg å gå berre ein av dagane, for vi har erfart at mange jobbar turnus og  har ikkje heile helga å bruke til kurs.
Meir info om kurset kjem seinare, følg med på bloggen.

søndag 9. september 2012

Vinnarane frå lotteriet på Låvemessa!



Vi hadde mange flotte gevinstar på Låvemessa, og her er dei heldige vinnarane:

1. Strikka vottar:  nr 1029 Alice Grodås
2. Toalettmappe: nr 291 Kirsti Elina Lødøen
3. Toalettveske: nr 330 Anny og Oddvar Hellesø
4. 3 bøker: nr 1463 Arve Bjørkedal
5. Toalettmappe: nr 2026 Dagrunn Nord
6. Pose: nr 1980 Jesper Jepsen
7. Gryteklutar: nr 1672 Tone Hessevik
8. Gryteklutar: nr 436 Jofrid Skålbones
9. Tennbrikettar m/trekk: nr 1176 Synnøve Torheim
10. Tova flaskeholdar: nr 960 fam. Berit Sørland
11. Kleklypeforkle: nr 742 Berit O Jacobsen
12. 2 spisebrikker: nr 770 Kirsti Bjørnset Følsvik
13. Løpar: nr 272 Kirsti Elina Lødøen
14. Brikke: nr 482 Geir Book
15. Vognteppe: nr 245 Anita Orvik
16. Løpar raude julestjerner: nr 1925 Ruth Melheim
17. Pose-pose: nr 863 Hilde Vedvik Guttu
18. Veske: nr 790 Helga Lund
19. Pose: nr 286 Kirsti Elina Lødøen
20. Løpar beige roser: nr 114 Elsa Hanebrekke
21. Gryteklutar jul: nr 786 Elen Lund Hansen
22. Beige brikke m/hane: nr 60 Inger Smørdal
23. Løpar lyseblå: nr 40 Vigdis petersen
24. Biffbestikk: nr 1317 Torunn Utnes
25. Saksetui m/saks: nr 967 Anni Eikås Strømmen
26. Teppe m/solsikke: nr 78 Anne Laila Refsnes
27. Pute: nr 1675 Tone Hessevik
28. Lyspose m/lys: nr 1662 Aud Åsebø Hjelle
29. Penal/sminkepung: nr 963 Marit Isene Orheim
30. 1 kasse plomer: nr 1806 Asbjørg Bjørkedal


Gratislotteri i Mjølkerampen:
1. Traktor og vannkanne: nr 739 Ludvik M Holmøy
2. Teppe: nr 521 Svein Vik


mandag 3. september 2012

Då startar vi opp sysesongen!

Etter ei flott helg med Låvemesse så er det berre ein dag med kvile før neste post! Tysdag 4.september startar vi rett på med klubbmøte igjen!
Og denne gongen går vi rett på sak med temaet vi skal ha gjennom heile året: Baltimore-applikasjon.

For mange år sidan, då klubben var nystarta, hadde vi kurs i denne teknikken. Såleis er det ein del av medlemmane som har ein del kunnskap om teknikken, og har også ferdige arbeid.

Elna har sydd logoteppet vårt i denne teknikken.

Planen er at vi vil lage til 9 ulike mønster som vi deler ut på kvart klubbmøte. Dette kan då bli til eit flott 3x3 veggteppe om ein vil lage alle blokkene.

På møtet no i september vil vi vise korleis vi har lært denne teknikken. Alt er laga med applikasjon og handsaum, så det passar godt til aktivitet på møta våre og vi håper at mange vil ta del i dette. 


Dei fleste arbeida vi har sett er med lys botnfarge og raude/grøne/gule applikasjonar, nokre med blåfargar. Men det er sjølvsagt opp til kvar enkelt kva fargar ein vil bruke.


Motiva er enkle og symmetriske og har som oftast blomstermotiv.

Det kan også gjerast veldig avansert..........

Denne boka har underteikna bestilt i dag, så i tillegg til dei mønstera vi har frå før, så vil vi nok finne mange fine i denne boka. Og som reklamen seier, "Det enkle er det beste", det gjeld nok innan Baltimore-teknikken også.

Du må ta med dette:
Lys lerret til botn, ca 50 x 50 cm
Stoff: 2 eller fleire fargar til motiva.
Synål og sytråd som passar til stoffargen.
Knappenåler.
Blyant og kulepenn.
Stoffsaks og papirsaks.
Frysepapir, her er det heilt supert å bruke omslagspapiret til kopipapiret, det har lim på innsida!
Limpenn om du har.

Elles så vil Primula Design ta med stoff mm. til dette dersom du ikkje har.

Vi håpar at dei som har sydd Baltimore før, vil ta med seg dette på møtet. 
Då ynskjer vi alle velkomne til møtet, info om ansvarlege for mat og rydding finn de i sommarbrevet som vart sendt ut no i august.

(alle bilda er frå ulike heimesider på internett)

fredag 31. august 2012

Snart Låvemesse!!

Bildet er frå lokalavisa Fjordabladet.

No er det berre få timar att til årets store Låvemesse ! Etter suksessen i fjor, så prøver vi i år også med salsmesse laurdag og søndag. Nytt i år er at det også vert arrangert Open gard i same gardstun søndagen, så her kjem det nok til å bli folksamt!!

I kveld har ein stor dugnadsgjeng halde på med rigging av messa, og det bugnar av hundrevis av salsvarer! Heilt utruleg kva flittige medlemmar  har laga, og det er høg kvalitet på det som vert lagt ut for salg. I tillegg til det våre medlemmer stiller ut, så vert tunet også fyllt av andre stand med handverksprodukt og ulike slag matvarer. Ein skikkeleg gammaldags marknad nesten!!!

Vi gler oss, og det gjer sikkert kundane våre også!

onsdag 8. august 2012

Natronkakebakeri!!

Nybaka natronkaker ved Nordfjorden!!

Det er dugnad i klubben, for no er det under ein månad att til Låvemessa!! 2. og 3. sept er vi i sving med ei ny flott messe, og denne gongen skal vi iallefall ha nok natronkaker! I fjor forsvann alle på ein halv time, så no skal vi vere godt budde på mange gjestar i kafeen vår!

Og her var det god stemning då Laila sette i gang med framgangsmåte, full sjekk at alt var hatt oppi, røring nesten i takt og antydning til song over bollane à la sylteproduksjonsvideoen til Røra jordbærsylte!!


Aslaug og Laila har vore primus motor her, Aslaug har handla inn store mengder med råvarer og Laila ordna med flott lokale på Stårheim bilverkstad!! Takk til dykk begge for dette.



Deigen skal vere litt seig, for den skal leggast i ein bolle med mjøl og "rullast" litt i hendene før den skal på steiketakka.
Her lagast det ein liten bolle...
...og så er den komt på takka for steikeing, bollen vert klappa flat på takka.
Skåler med mjøl står klare til å ha deigen oppi.

Fint lysebrune skal dei vere, ikkje ha for varm takke, på styrke nr 7 seier Laila er passe!




Litt mjøl på takka før første natronkake skal steikast. Husk å pusse av mjøl som er blitt brunt.


 Vi var flittige i arbeidet, 9 av medlemmane møtte opp, takk til dei for innsatsen, for på vel 2 timar så laga vi ca 550 natronkaker!!!!!






fredag 3. august 2012

Sommarfuglar i store mengder!


Sommarfuglar i hundrevis,....ja kanskje vi har sett nokre i sommar, men vi kan iallefall sy våre eigne viss ikkje! Kom over mønster til denne blokka på bloggen Red Pepper Quilts, og den er enkel å sy. Du treng ein 60 grader linjal for å følge denne oppskrifta.
HER kjer du rett til framgangsmåten,, den er på engelsk men har gode bilder så den er lett å følge. No er det berre å håpe på at det dukkar opp nokre sommarfuglar på første klubbmøtet i september også!!


søndag 29. juli 2012

Kviltsystrarna i Varberg


Bloggred. er på ferie, i Halland i sør-Sverige. Som quiltar har ein alltid eit auge til både stoffutsalg og utstillingar, og denne gongen vart det virkelig klaff. På veg sørover vart det besøk hos både Ikea og Stoff og Stil i Gøteborg, og hos ein stoffbutikk i Varberg. 


Når ein har feriert i eit område over fleire år, så er det visse plassar ein berre må besøke kvar gong ein er i området. Og som alle år før, så vart det ein tur innom kystperla Träsløvsläge, rett sør for Varberg. Denne gongen vart det virkelig i oppleving her, for eg visste frå annonse i Quiltemagasinet at Kviltsystrarna, quilteklubben i Varberg, skulle ha utstilling her. I eit koselig gammalt fiskeribygg på hamnen var det laga til ei flott utstilling med namnet "Jorden rundt", namnet kom frå teknikken til eit lotteriteppe dei har laga til denne utstillinga.
 Bloggred. kom i god kontakt med to damer frå klubben der, og Eva, leiar i klubben på bildet under, fortalde at denne utstillinga har dei kvart år i veke 30. Så her er det berre å planlegge ferien neste år for dei som vil ta eit besøk hit.

Eg fekk lov til å ta mange bilder frå utstillinga, det skal komme fleire seinare, men akkurat no så er det så tregt internett på campingplassen at det får bli med desse bilda.

God sommar vidare til alle heime!

Helsing frå
Mariann

mandag 2. juli 2012

Sy deg toalettveske/sminkepung!

På bloggen til Marte Mølstre finn du ein detaljert framgangsmåte til denne toalettveska/sminkepungen. Om du aukar opp mønsteret ein del, så kan du bruke den til strikkeveske eller til å ha sommarlege syarbeid oppi!!


Her er det brukt blondeglidelås, noko som gjer den ekstra fin. HER er link rett til innlegget med "steg-for-steg"!

OPPDATERING 22.1.16: Fekk melding om at linken ikkje virkar, og det ser desverre ut til at sida er nedlagt. Tek gjerne imot tips om link til liknande mønster som vi kan linke til!

søndag 1. juli 2012

Juli og høgsommar!

Det er blitt Juli på kalendaren, og visst nok HØGSOMMAR! Det vil seie at sommaren skal være på sitt beste med sol og varme, uteliv og kos i hage og på veranda.
Vi kan gjerne sitje ute med quilten vår, eller være ute og sjå på ein ferdig quilt???
Under her er eit kåseri underteikna hadde på klubbmøtet i mai,......der draumen om korleis ein sommarduk skal sjå ut og korleis den skal være ein del av vår sommaroppleving.




DEN ULTIMATE SOMMARDUKEN!





Så er det blitt sommartid og vi ser fram til varme sommardagar der vi bur meir ute enn inne. Der vi kan sitje ute og sy på verandaen, og deretter nyte ein sommarleg quilt.  Draumen om den ultimate sommarduken dukkar opp, og for at den skal bli perfekt, så er det mange krav for at dette skal bli den rette tenkjer eg.
Sjølvsagt er det fargane som er avgjerande, sjølv om mønsteret og størrelsen også tel med. Men mønsteret skal ikkje ta susen frå det rette fargevalet, så difor må fargane gje dei rette assosiasjonane.

Sommartida er lys og lett, med lyse netter og friske fargar rundt oss. Duken må også ha dette som hovedtone, med lyse stoff iblanda stoff som minner om alt det sommarlege som skal skje rundt den.

Blant anna dette:

Duken skal liggje på bordet når eg sit ute dei tidlege sommarmorgonane, når det kjem lett fuglesong gjennom lufta og humlene surrar i det doggfriske blomsterbedet mitt rett ved sida av, når Nitimen spelar sine herlige sommarsongar med Lillebjørn Nilsen sin song om ”Tanta te Beate” og Fabel sine songar om ”Jordbær og grasbrann ”og deretter ein herleg ”Dunk, dunk , dunk” båtmelodi dei også har laga. ”To pilsnere i ei snor” høyrer sjølvsagt også med.

Duken ligg der litt åleine medan sola steikjer på det varmaste midt på dagen, men om litt dukkar den første rabarbrapaien opp på bordet i lag med rykande fersk kaffi i krus som akkurat matchar fargane i duken. Paien  med lysegul vaniljekrem i lag med raudgrøn rabarbra i midten og kvite melisstriper oppå, står midt på duken i lag med ei glasskål med kald vispa krem. Det både smakar og ser godt ut!

Når sola byrjar å lage lange skuggar i geografien, så tek duken på seg sine ”mørkaste fargar”, for no er lyset annleis. Stemninga vert også litt annleis, for her dukkar det opp ein knaskande salat i grønt og syrlege fargar, ein sprø lysebrun baguett ligg lett over duken oppi ei sommarleg korg, det innerste lyse i det ferske brødet ligg berre og ventar på det gule Bremykt-smøret og dei sarte rosa rekene like ved.  Det kjem ein sval bris frå havet som stryk oss over hud og hår og  den salte og friske sjølufta prikkar i nasen medan vi nyt ein kald sprudlande cider til maten og dei lekre fargane på bordet.

Jau, no har eg nok bestemt meg for kva fargar den ultimate sommarduken må ha! Her treng eg den lyse fargen for lyset og roen, den litt syrlege fargen for dei friske og spennande smakane som ein sommarmeny har, eit stenk av blågrøne tonar som samlar både himmel og hav, til slutt dempa ned av ein mørkare farge som vi treng for å få kvile når dagen er over.

Eg ser duken for meg, passande til alle anledningar ute i den komande sommaren. Men når regnbygene og den sure vinden plutselig slår inn over den vakre kysten vår, då kan eg legge på sommarduken min inne for å nyte den, sjå på den og tenkje på alle anledningar som eg har hatt i lag med den. Så kan eg vaske den, stryke varsomt over den  og igjen glede meg til fleire  sommaropplevingar ute så snart dei grå skyene dreg sin veg.

Ein sommardukdraum frå Mariann

Dei to bilda oppe i teksten er av underteikna sin uferdige duk!! Det er travle tider både ute og inne, så det har ikkje blitt sying enno, men kanskje det blir litt tid til sying på verandaen når ein snart får sommarferie??







Desse to bilda vert nok redninga i denne samanhengen. Aud L. frå Svelgen har sydd sin ultimate duk, spesialsydd,..... den er trekanta! Og med lette sommarlege fargar som i ei blomstereng! Takk til Aud som tok med denne duken eins ærend på blåturen for å vise fram sin sommarduk!!