mandag 6. mars 2023
Bilder frå februarmøtet!
søndag 5. februar 2023
Februarmøte!
Tysdag 7.2 er det igjen klart for ein triveleg møtedag!
Denne dagen er det langdag, og dørene opnar kl 12. Ta med deg niste til denne første delen av dagen, kaffi/te lagar klubben til.
Vanleg klubbmøte starter som vanleg kl 18.30-21.30.
Møteaktivitet:
- Informasjon frå styret
- Arbeid med solsikkeblokker
- Vis og fortel
- Lotteri
- Primula Design er der med ein liten "Pop-up butikk"
- Kaffipause
Det vert lagt opp til sydugnad av solsikkeblokkene frå kl 12, så vi håper at mange møter tidleg slik at vi får inn blokkene vi skal jobbe med. Eller send dei med nokon!! Blokkene må være minst 13x13 inch slik at der er rom for å kutte litt når vi skal tilpasse dei.
Velkomne!
lørdag 7. januar 2023
Bilder frå Januarmøtet!
Det nye året er i gang, og denne gongen opna vi med quiltekafè med "Stitcheryaften"!
Kjekt å sjå kor mange som hadde med seg noko å sy på, store og små prosjekt! I tillegg fekk ein høve til å tegne av eit motiv som var lagt ut på bloggen sist, og ei hadde allereie sydd motivet ferdig!
Vi ser også at mange driv med gjenbruk av tekstil, ikkje berre stoff, men også gamle broderi som td. klokkestrenger! Britt og Aud T er meister for desse under!
Desse veskene vert det kurs i om eit par veker. Det er truleg ledig plass der om du vil være med!!
Gitte syr stitchery med motiv frå ei fargeleggingsbok!! Flott tips om du vil ha noko småstilt!!
Elna har sydd strikkeveske!
May K har brukt Chenille-linjal kjøpt hos Primula Design
onsdag 4. januar 2023
Årets første kurs- "Pølseveske"!!
Vi starter opp ein aktiv sesong med kurs allereie no i januar!
Helga 21-22 januar skal vi ha kurset "Pølseveske"!! Kanskje eit spesielt namn på ei veske, og det er ikkje ei spesialveske til pølser!!
Veska er kalla Pølseveske fordi den er sydd sammen av loddrette tjukke kanalar, tjukke som pølser!
Kurset er ved Gitte og Synnøve, og vi hadde bindande påmelding på møtet vi hadde i går.
Det er ledige plassar på kurset, så om du vil bli med, kontakter du Synnøve på mobilnr. 98005242. Då vil du også få materialliste og den infoen du treng om kurset.
Veskene er store og romslige, og er gode som både weekendveske og strandveske om sommaren. Og du kan heilt sikkert bære pølser i dei også!! :)
søndag 1. januar 2023
Møtestart i 2023!
Velkommen til årets først møte, 3. januar møtest vi igjen på Stokkenes Gjestegard kl 18.30!
Årets første møte har alltid ein roleg start med det vi kallar Quiltekafè. Her er opplegget å berre møtast, prate rundt bordet og å ha med noko å sy på. Kafèmaten syter matvertane for.
Ofte har vi lukkekanter å sy på, men kvifor ikkje la dette første møtet i året verte eit møte der ein tek med eit stitchery å sy på. Nokre av oss har sikkert uferdige stitchery liggjande, medan andre treng noko nytt??
Limer difor inn eit vinterrelatert bilde frå Pinterest om nokon har lyst til å prøve seg på dette!
Kopier bildet inn i Word, dra ut til ønska storleik og skriv ut! Underteikna tek med nokre storleikar til å tegne av også!Oppfordrar også alle til å ta med mønster som kan tegnast av, så ta med deg matpapir og blyant. Vanleg lys lerret duger flott til stitchery, og moulinegarn.
Og om du ikkje veit korleis du overførerer motiv til stoff, så viser vi tips til det. Ta gjerne med deg ein "OTT-lampe" og din største linjal!
Kvelden blir elles som andre møter med:
- Vis og fortel
- Lotteri
- Pause når kaffien er klar...
- ...og kanskje spennande idear frå Sybutikken Primula Design?





































































