tirsdag 2. november 2010

Salsmesse!!

I klubben vår er det medlemmer frå alle kommunene i Nordfjord, pluss nokre frå søre Sunnmøre. Nokre av dei er med i fleire quiltelag, husflidslag eller har eigne små sygrupper. Når vi så har våre faste månadlege møter i klubben vår, er det ofte mykje flotte arbeid som vert viste fram.
På møtet vi hadde i dag, var det ei lita gruppe frå Måløy; Fingerbøllene quiltelag, som viste flotte arbeid som dei skal selge på salsmesse komande helg.
Bilda viser produkt som er til sals på denne messa.
Dei har laga mykje flotte quilta arbeid, men der vert også strikka ting mm. til sals. No har dei som ikkje rekk å sy sjølve, sjanse til å kjøpe fine julegåver!!
Her er litt fakta:

SALSMESSE i Måløy!
Fredag 5.11 kl 10-16.30

Laurdag 6.11 kl 10- 16
Stad: gate 1, to hus nord for Måløy hotell.

Ingen kommentarer: