Ta med deg ein quilt du held på med til eige arbeid og til inspirasjon for andre.
Vi håpar òg at de tek med dykk quiltearbeid til "Vis og Fortel", for de rakk vel å sy noko i jula også??
Tipsar også om at dersom de ikkje har tom lommebok no i starten av det nye året, så ta med litt meir enn du har tenkt! Fordi:
Primula design har kjempesal på flotte stoff! Ho kjem med eit LASS med stoffstuar der ho sel heile meterar for berre kr 50!! Bloggred var innom butikken laurdag og kjøpte 2 FINE stoff, så dette er gode kjøp! PS. les vidare under her, så veit du kva du treng stoff til!!!
(ps. dette er ikkje Ingun sine stoff, men eit illustrasjonsfoto)
Det vert også påmelding til kurset med Birte Lee Tveit som vi skal ha siste helga i januar, og dette er eit kurs som så mange som kan, BØR melde seg på. Vi har hatt eit kurs med henne for mange år sidan, og det var veldig kjekt. Ho lagar friske og litt utradisjonelle quiltar, men er eit fyrverkeri i fargane sine. Siv har med bilder av quiltar ho har laga, legg ved eit bilde her til "sniktitt"!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar