torsdag 3. januar 2013

Ny heading!

Som mange nok har sett, så starta det nye året på bloggen med ny heading. Bloggred. har i alle år brukt utsnitt frå bilder som er teke av medlemmar sine arbeid, det er gjort denne gongen også. Mange av medlemmane kjenner nok att dette vesle bildeutsnittet, for det er ein del av eit stort teppe som vart vist på julemøtet vårt i desember.
Teppet er sydd av Randi Røys og bloggred. har vore i kontakt med henne for å få meir informasjon om denne spesielle teknikken. Det ser veldig innvikla ut, og det må nok jobbast bevisst med plassering av fargane for å få denne spesielle effekten. 

Randi fortel at ho har funne mønsteret i ei bok av Patricia Pepe,som heiter "X-Blocks".

YouTube ligg det ute ein video Patricia har laga om boka og teknikken, den viser enkelt korleis ein går fram. HER kjem du til videoen.

HER er heimesida til Patricia.


Til teknikken høyrer det òg med ein x-block-linjal, den kan ein kjøpe i ulike storleikar. Randi har brukt ein med str. 7,5 inch i kvadrat.




Dette store teppet har Solfrid Norvik laga.

Så vidt bloggred. har skjøna, så kan ein lage andre mønster med same linjalen, på DENNE sida ser du litt om det. HER og HER er  sider som viser bruk av linjalen. På bloggen til Tlcstitches ligg det flott beskrivelse av korleis ein brukar linjalen.
Medlem Anne Marit har også brukt denne linjalen  til blokkene på denne kuvertbrikka som vart vist på julemøtet. 

Ingen kommentarer: