søndag 13. januar 2013

Kupp nr 2!

Det er gode, men farlege dagar for lommeboka å være quiltar i Nordfjord! Januar er vanlegvis salgstid for kle, så vi er ikkje vane med salg på stoff i store mengder.
På årets første quiltemøte i NLQ hadde Primula Design med seg fleire stuar med stoff til 50 kr meteren, og alt vart selt ut i rekordfart. Kupp nr 1! (og der er framleis stoff på tilbod i butikken)

Vår andre quiltebutikk, Lappestua v/Siv E. Smørdal, har også eit liknande tilbod, kupp nr 2! Dette varer ikkje berre ein dag, men varer heilt fram til "Bestemordagen" som butikken markerer den 3.feb. med mange gode tilbod i butikken.

For dei som ikkje er kjende med butikken si historie, så er Siv no 3. generasjon i firmaet som før heitte M. Wedvik Englund. Då som no, vart det selt metervis med stoff, men då var det til bekledning stoffa var til. Siv si bestemor hadde fødselsdag 4. februar, så "Bestemordagen" er ei koseleg minnemarkering for henne.

Då underteikna var innom butikken sist laurdag, var der ca 25 stoff til 50 kr meteren, og over 30 stoff til 75 kr meteren. I den sistnemnde kategorien er er ein heil serie blå vinterstoff, nydelige stoff som passar til denne årstida.

Ingen kommentarer: